Ein gravemaskinførar er lettare skadd etter eit sprengingsuhell i samband med gravearbeid i Lundavegen i Gjengalunden i Bremanger måndag føremiddag.
Ulykka har skjedd i samband med arbeid på ny kraftstasjon. Ifølge politiet skal gravemaskina ha treft noko sprengstoff som truleg stammar frå ei tidlegare sprenging.
Politiet og ambulanse rykte ut til staden etter meldinga, som kom klokka 11.11, melde politiet klokka 11.53, men dei kom umiddelbart med ei retting:
– Den skadde er frakta frå staden med luftambulanse og flogen til Førde sentralsjukehus, seier operasjonsleiar Steinar Hausvik på politiet sin operasjonssentral.
Klokka 12.41 melder Hausvik at poltiet er på staden.
Kartet viser ikkje nøyaktig stad for ulykka