12 flygeleiarar ved Flesland og Gardermoen kan frå 06.30 av fredag morgon, bli tekne ut i streik dersom melkinga mellom Norsk Flygelederforening og Spekter går til brot.

Det skriv VG.

Partane har sidan torsdag føremiddag vore inne hos Riksmeklaren. Fristen er ved midnatt, natt til fredag.

Forseinkingar – også lokalt

Avinor har i førebuingane til ein eventuell streik kartlagt dei moglege konsekvensane. Generelt vil dei prioritere kapasitet til søk- og redning, ambulanse, politi og Forsvarets operative flygingar, deretter regulær rutetrafikk og offshore helikoptertrafikk, skriv dei sjølv.

Ved brot i meklinga natt til fredag ser Avinor føre seg forseinkingar på Flesland og Gardermoen utover ettermiddagen og kvelden. Desse vil auke utover dagen og bli betydelege i løpet av kvelden, skriv Avinor, som legg til at også følgekonsekvenser vil bil merka over heile landet utover fredag kveld.

Avinor vil komme med oppdaterte vurderingar for øvrige dagar, dersom streiken vert eit faktum.

Søkt for 536 medlemmer

Ifølge VG har Norsk Flygeleiarforeining søkt plassoppseiing for 536 medlemmer, som potensielt betyr at streiken kan gjelde eit stadig aukande tal av desse dersom det ikkje vert semje.

Og som alltid: Dersom konsekvensane vert vurdert som for store for samfunnet eller liv og helse, så kan regjeringa avbryte streiken med tvungen lønnsnemnd.

Les også

– Eg er veldig glad i dag!

Les også

No er regjeringa uroa for elbussane