Det var 27 år gamle Fiona Grace Layton frå Oregon i USA som omkom i klatreulukka på Gjertvasstind 19. juli.
Namnet er no offentleggjort i samråd med familien.
Ulukka skjedde i samband med ein rappell ned frå Gjertvasskaret, på veg mot startpunktet for ei klatrerute i sørveggen.

OMKOM: Fiona Grace Layton mista livet under ei klatreulykke i Luster i juli. Her er Layton avbilda då ho klatra Astroman i Yosemite Valley i april 2024. Bildet er også offentleggjort i samråd med familien.
Foto: Alexa Flower
Dei første sakene:
Les også
Alvorleg klatreulukke i Luster
Les også
Kvinne i 20-åra omkom i klatreulykke