Torsdag ettermiddag vart det iverksett ein redningsaksjon ved eit vatn i Gloppen kommune i Nordfjord, etter at ein mann som hadde vore i båt på vatnet ikkje kom att som avtalt.
Båten til mannen vart funnen tom på vatnet, og Operasjonssentralen i Vest politidistrikt melder at det etter dette vart sett inn redningshelikopter i søk etter han.
Ein halvtime seinare vart mannen funnen, då livlaus i vatnet.
Det vart starta med livreddande tiltak, men kort tid etter vart mannen stadfesta omkomen av lege på staden.
Politiet understrekar at mannen på dette tidspunktet ikkje formelt var identifisert, men at det er stor grunn til å tru at det er den sakna som er funnen.
Dødsfallet vart meldt av politiet klokka 18.11, men pårørande var då ikkje varsla. Klokka 18.31 er familien informert.
Operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Morten Rebnord, fortel at politiet ikkje kjem til å gå ut med namn og alder på den omkomne denne dagen.
– Klokka 16.48 vart det trykt på den store, raude knappen, og redningshelikopter vart sendt ut umiddelbart i søk. Mannen vart funnen etter kort tid, før andre redningsinstansar kom på staden, seier Rebnord om redningsaksjonen, som dessverre enda med eit dødsfall.
Kor lenge mannen har vore i vatnet før han vart funnen, er ikkje politiet kjent med.
Les meir om: artikkelemnene