Debattinnlegg

Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Tom Skjulestad kommenterar Tor Reier Lilleholts ynskje om opning for termisk optikk i Tvedestrand, slik det er lagt til rette for i den nye viltressurslova.

Les også

– Tråkker over streken

Skjulestad markerar sterk motstand, og skriv at me per dags dato ikkje har behov for denne typen teknologi her i området.

Det spørsmålet dette reiser, er kva observasjonar og dokumentasjon Skjulestad byggjer denne konklusjonen på.

Fyrst og fremst er det viktig å få skrinlagt tanken om termisk optikk som ein eksistensiell trussel mot hjortestammen – det er naturlegvis ikkje tilfelle.

Hjortekvotene regulerar kor stort uttaket skal vere. Termisk optikk er utelukkande eit hjelpemiddel for å sikre at ein faktisk når desse kvotene på eit dyrevelferdsmessig forsvarleg vis, og at ein får eit stort nok uttak på dei lokalitetane der problematikken er størst.

Det pågår i dag, og har pågått i «alle år», hjortejakt på innmark nattestid under variable lysførehald. Ein stor del av landets hjort, kring halvparten, blir felt på denne måten. Mange stader er ein heilt avhengig av nattjakt for å kunne ta ut kvotene, fordi hjorten i stor grad trekkjer ut på innmark etter mørkets frambrudd. Termiske siktemiddel kan sørgje for at denne jakta skjer sikrare og meir humant enn med tradisjonell optikk under dårlege lysførehald. Sjølvsagt kan uhell og feilskyting skje under all jakt, også med termisk, men risikoen blir redusert når ein tydeleg kan sjå dyret ein skal skyte på, og eventuelle dyr som står bak eller rundt det.

Les også

Vil jakte med forbudt utstyr etter dette

Det er nyleg gjennomført hjorteviltteljingar, mellom anna på Vennevann, som dokumenterar at me i dag har mange gonger meir hjort enn elg i skogane våre. Eg kan som ivrig hjorteviltjeger både forstå og verdsette eit ynskje om å ha mykje hjort i skogen, men det er viktig at me ser på saka med eit objektivt forvaltningsblikk.

Det er frykteleg viktig å understreke at alt har ei grense. Det gjeld også hjorten. Ein tett hjortestamme er ikkje utelukkande positiv, sjølv om det sjølvsagt gjev Skjulestad meir å jakte på. Det tyngste argumentet for å trø på bremsa i det som må kunne kallast ei svært kraftig utvikling i hjortestammen, er eigentleg elgen. Elgkalvar døyr i dag av det ein mistenkjer kan vere flåttboren sjukdom. Jo tettare den samla hjorteviltstammen blir, jo betre vilkår legg me også til rette for flått, hjortelusfluge, skrantesjuke og generell smittespreiing mellom dyr. I tillegg kjem dei velkjende utfordringane med beiteskadar, press på vinterbeite og påkøyrslar. Ein hjort er dessutan eit langt større dyr enn eit rådyr, med tilsvarande større skadepotensial i trafikken.

Eit anna sentralt argument for termisk optikk er nettopp det Skjulestad sjølv trekkjer fram: Skal ein byggje ein god hjortestamme, må ein skyte dei rette dyra. Den desidert sikraste måten å få eit retta uttak på, er etter mi vurdering nettopp kontrollert jakt på innmark, der jegeren har god tid til å observere og velje rett dyr. Med termisk optikk blir denne vurderinga mogeleg også under dei lysførehalda hjorten faktisk oftast opptrer på innmark i. Å tru at ein alltid får eit like presist og tilstrekkeleg retta uttak gjennom drivjakt eller jakt med hund, meiner eg ut frå eiga erfaring er optimistisk.og posteringsjakt på dagtid er ikkje effektivt på hjorten slik det er på rådyr.

Ein ting som også er viktig å understreke, er at det ikkje er snakk om å tvinge nokon til å bruke termisk optikk på hjortejakt. Det er snakk om å opne for eit godt forvaltningsverkty der det er behov for det. Dei som meiner jakt med tradisjonell optikk er den rette jaktforma for dei, står sjølvsagt heilt fritt til å halde fram med det.

Hjorten er komen for å bli, og det er eg glad for. Men det er ingen feil i å tråkke litt på bremsa i utviklinga ved å sikre jegerane mogelegheit til å ta ut kvotene sine på ein sikker, selektiv og dyrevelferdsmessig god måte. Me kan fint tole vidare vekst i hjortestammen, men han bør vere kontrollert og berekraftig. Ei ukontrollert bestandsutvikling vil ikkje gagne nokon, og kan i verste fall setje endå ein spiker i kista for elgen her nede.