Fredag kveld vart det sett i gang ein redningsaksjon etter at to utanlandske personar gjekk seg fast i fjellet ved Stalheim.

– Det blir beskrive som bratt lende og politiet har i samråd med Hovedredningssentralen kalla ut frivillig mannskap for å hjelpa dei ned, opplyser operasjonsleiar Dan Erik Johannessen i Vest politidistrikt klokka 17.56.

Stalheim ligg i Voss herad, men nær grensa til Sogn.

Johannessen seier til NRK Vestland at det er eit kjærastepar som har gått seg fast og at ein app har ført til at dei hamna utanfor stien, i eit lende der dei ikkje ønskjer å gå vidare.

Dei to skal ha godt med både mat og klede.

Klokka 22.04 melder politiet at frivillig mannskap fått personane ut av det bratte terrenget og at dei er på god veg ned frå fjellet.

– Dei involverte er noko kalde, men uskadde, opplyser Johannessen.