Klokka 21.46 laurdag kveld fekk politiet melding om ein mann som ropte og skreik.

– Det var ingen direkte trusselsituasjon, men mannen verka ustabil og hadde uttalt at han hadde våpen, skriv operasjonsleiar Dan Erik Johannessen i politiloggen.

Væpna politi rykte ut, og i samband med at dei skulle ta kontroll på mannen vart det avfyrt eit varselskot.

– Det var mørkt på staden og mannen bar ein gjenstand i handa som kunne stå fram som eit handvåpen.

Etter at politiet fekk kontroll på mannen viste det seg at gjenstanden ikkje var eit våpen.

– Mannen i 50-åra var rusa og vart hanka inn til drukkenskapsarrest.

Ingen vart skadde som følgje av hendinga.