– Me er sjokkerte og triste, men også svært stolte, held Østrem fram i eit innlegg på LinkedIn.
– Me hadde gledd oss til å få inn ein ny og sterk eigar for Altinget, slik at me kunne halda fram med å utvikla Noregs beste politiske avis. Slik blir det ikkje. Måndag fekk me nyheita om at Altinget-eventyret vårt no tek slutt, seier balestreningen.

Les også
Ho kjempa for meir sløyd for jentene. No er Veslemøy sjef for satsinga som skal bli Nordens største på politikk
Ho rettar no kritikk mot eigaren, JP/Politikens Hus.
– Me opplever det også som brutalt, fordi vår nye eigar, JP/Politikens Hus, ikkje har gitt nokon signal om at dette var eit scenario dei vurderte, før for nokre ganske få dagar sidan, skriv Østrem.
Østrem seier at ho no skal ta vare på medarbeidarane sine.
– Eg vil takka alle som har lese oss, som har delteke i debatten og som har trudd på og heia på prosjektet. Det har vore ei sann glede å få lov å byggja Altinget i Noreg, avsluttar ho.
Den politiske avisa Altinget vart starta i 2022 og vart etablert av Alrow Media. I september 2025 tok JP/Politikens Hus over som eigarar.