Bakgrunnen er storbrannen i Krokstadelva utanfor Drammen 17. juli, der 116 bustader gjekk tapt. To av bustadeigarane mangla husforsikring, ifølgje Finans Norge.

Departementet har hatt møte med både Finans Norge og Huseierne og vurderer no om det er grunnlag for å foreslå regelendringar.

– Spørsmålet om ei generell plikt til å forsikre eigen bustad er noko departementet ser på. Men dette reiser fleire problemstillingar som eventuelt må greiast ut grundigare, under dette om andre tiltak enn ei slik plikt kan vere meir aktuelle, seier kommunikasjonsrådgivar Andreas Bondevik i departementet til Dagsavisen.

Huseigarane er imot å lovfeste forsikringsplikta.

– Haldninga vår er at lovfesting er ein dårleg idé, seier Carsten Pihl, leiar for politikk, samfunnskontakt og berekraft i Huseierne.

Også Finans Norge er skeptisk. Organisasjonen peikar på at ei forsikringsplikt vil krevje eit kontroll- og sanksjonsapparat.

Forsikringsnæringa vurderer i staden ei løysing der opplysningar frå Kartverket og forsikringsselskapa kan brukast til å finne bustader utan forsikring og varsle eigarane.