Måndag vart Haugesund kommunes heiderspris Den spelande faun utdelt på ordførarens middag under Den norske filmfestivalen. Mottakaren er kinoleiar ved Friberg Kino i Balestrand, Marianne Hoff.
Den spelande Faun er ein miniatyr av skulpturen som møter publikum på veg inn i konserthuset i byen – Festiviteten.
Mottakaren av byens faun skal ha gjort ein innsats for å fremje norsk film- og kinoliv. Dessutan skal prismottakaren ha hatt eit godt auge til Haugesund og besøkt filmfestivalen titt og ofte. Stort nærmare eit æresborgarskap i Haugesund kjem ein neppe.
– Årets vinnar av Den spelande faun har i meir enn fire tiår vore ei drivkraft i kulturlivet i ei bygd på Vestlandet. Som kinosjef og leiar av den lokale kinoen, som blir driven av eit ungdomslag, har ho gjennom arbeidet sitt sytt for eit godt filmtilbod til publikum i alle aldrar. Under leiinga hennar har kinoen utvikla seg til ein levande kulturell møtestad og ein viktig hjørnestein i lokalsamfunnet, sa Haugesund-ordførar Nils Konrad Bua under utdelinga.