Sogningen Odd Borlaug (109) trur tronskiftet vil gå heilt fint.

SPORTSFISKAR: Odd Borlaug (109) har i mange år vore ein ivrig sportsfiskar - som kong Harald var det. Biletet er teke attmed elva Vikja i Vik i Sogn. Foto: Morten JacobsenSPORTSFISKAR: Odd Borlaug (109) har i mange år vore ein ivrig sportsfiskar – som kong Harald var det. Biletet er teke attmed elva Vikja i Vik i Sogn. Foto: Morten Jacobsen

Lørdag 29. august kl. 13:33

– Eg har vel tent dei alle tre – både den førre kong Haakon, kong Olav og kong Harald, seier Odd til VG.

Mannen frå Vik i Sogn er klar i toppen. Han har lenge vore Norges eldste mann, og vart den nest eldste personen i landet då Lina Anundsen (111) sovna stille inn på helse- og omsorgssenteret i Siljan 2. august.

Borlaug, som fylte 109 år den 31. mars har følgd nøye med i media om Kong Harald sin bortgang dei siste dagane.

Bilde av Odd Borlaug (109)Odd Borlaug (109)

Norges eldste mann. Norges nest eldste person. Frå Feios, bur no i Vik i Sogn. Siste attlevande representant for Hæren sine soldatar frå felttoget i 1940.

Han tykkjer det er trist at kongen gjennom dei siste 35 åra er borte.

– Eg er nok litt sorgtung no. Men når det er sagt, har eg berre godt å seie om både han kong Harald og dei to kongane førut. Dei tente landet sitt godt, vurderer Odd.

ØVSTKOMMANDERANDE: Kong Harald møtte vernepliktige frå Jarfjord grensestasjon på grensa til Russland i mars 2023.  Foto: Jan Langhaug / NTBØVSTKOMMANDERANDE: Kong Harald møtte vernepliktige frå Jarfjord grensestasjon på grensa til Russland i mars 2023. Foto: Jan Langhaug / NTB

– Kong Harald vart no kjend for sitt gode humør – samt at han synte medkjensle til dei som trengde det i heile landet, legg han til.

Borlaug er 20 år eldre enn kong Harald vart.

Ikkje sjølvsagt

Odd er likevel audmjuk rundt sin eigen alder. Han veit at det langtifrå er sjølvsagt at ein er klar i hovudet og får behalde helsa nokon lunde når ein er 109 år og fem månader gamal.

Han er dessutan nett ferdig med «ein kur» for litt dårleg helse den siste tida.

NY KONGE: Kong Haakon den 8. avbilda saman med kronprinsesse Ingrid Alexandra - då Haakon var kronprins og dottera prinsesse på Bardufoss i 2025.  Foto: Heiko Junge / NTBNY KONGE: Kong Haakon den 8. avbilda saman med kronprinsesse Ingrid Alexandra – då Haakon var kronprins og dottera prinsesse på Bardufoss i 2025. Foto: Heiko Junge / NTB

– Kva trur du om Haakon den 8. som ny konge?

– Han blir heilt sikkert like bra som kongane før han, svarar Borlaug.

Han har ikkje lyst til å peike ut nokon som betre og meir skikka enn dei andre.

FEKK MEDALJE: Odd Borlaug fekk Hæren sin fortenestemedalje i 2023. Då var Kong Harald øvstkommanderande i Forsvaret.  Foto: ForsvaretFEKK MEDALJE: Odd Borlaug fekk Hæren sin fortenestemedalje i 2023. Då var Kong Harald øvstkommanderande i Forsvaret. Foto: Forsvaret

Odd Borlaug tenestegjorde under krigsutbrotet våren 1940 i det norske Forsvaret sin fjerde brigade under kamphandlingane i Valdres. For tre år sidan fekk han Hæren sin fortenestemedalje. Då var kong Harald den øvstkommanderande i Forsvaret.

Og då Borlaug var i kamp mot tyske styrkar aust for Fagernes for 86 år sidan – var det kong Haakon den 7. som hadde kommandoen.

Viktige datoar

Borlaug vart fødd i 1917. Då hadde Haakon VII vore konge sidan 1905.

  • 25. november 1905 – Kong Haakon den 7. går i land som ny konge i Norge.
  • 31. mars 1917 – Odd Borlaug blir fødd.
  • 21. september 1957 – Kong Olav den 5. overtek då kong Haakon VII døyr.
  • 17. januar 1991Kong Harald den 5. overtek då kong Olav V døyr.
  • 28. august 2026 – Kong Haakon den 8. overtek då kong Harald V døyr.

Vis mer

Odd Borlaug har også motteke «deltakarmedaljen 9. april 1940 til 8. mai 1945». Som trufast soldat har han tent fleire kongar både under- og etter andre verdskrigen. Det er han stolt av.

Då han fekk spørsmål frå lokalavisa Sogn Avis i 2023 om han hugsar kampane i Valdres, svara han kort:

– Slikt sit i – det.

– Har du møtt nokre av kongane våre, spør VG?

– Nei, det har eg ikkje. Men eg har nok defilertdefilertMarsjere høgtideleg i rekke. framom to av dei. So fekk eg no helsing frå Kong Harald då eg fylte 100 år for ni år sidan, hugsar Odd.

Nok merksemd

– Du føl med i media om tronskiftet?

– Ja, eg sit no her og høyrer på det.

GENERASJONSMØTE: Odd (109) sler av ein prat med Oliver Hillestad Jacobsen (no 13) ved elveosen i Vikja for eit par år sidan.  Foto: Morten JacobsenGENERASJONSMØTE: Odd (109) sler av ein prat med Oliver Hillestad Jacobsen (no 13) ved elveosen i Vikja for eit par år sidan. Foto: Morten Jacobsen

Han er til liks med kong Harald kjend for å vere ein ivrig laksefiskar.

På grunn av den omtala «kuren» og litt skrantande helse – har han ikkje fått fiska i den lokale elva «Vikjao» i sommar, seier han. Sjølv om lokalavisa tidlegare i sommar melde at han var observert med fiskestong i Vik.

Men det er uansett berre to år sidan han synte fram både fiskeplass og fangst her i avisa.

Fiska i same elva

– Han var glad i å fiske, kong Harald også. Har de fiska i same elva?

– Ja, begge har me fiska i Romsdalen i ei elv som heiter Eira. Elva renn ut i Eresfjorden. Det var ei god elv, og eg veit at kongen også fiska der, svarar 109-åringen.

Han har bursdag «siste dagen i mars». Neste gong i 2027.

– Då blir du 110?

– Ja, ja, dersom eg får oppleve det so, svarar Odd Borlaug som seinast på 109-års dagen minna om at det ikkje er berre-berre å bli so gamal som han er no.

– Alderen kjem ikkje åleine.