Politiet og Hovudredningssentralen har sett i gang ein redningsaksjon i Selje, etter mogleg observasjon av person i sjø, opplyser operasjonsleiar Bjarte Rebnord.
– Det blir søkt til lands og på sjøen i området ut frå flytebrygga på Seljesanden.
Dersom nokon har tips eller observasjonar som kan settast i samanheng med dette, ber politiet at ein tek kontakt på 02800, eller 112 om det hastar.
Saka blir oppdatert.