Debattinnlegg
Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Når eit lag taper fotballkampar, er det på to ulike måtar ein kan ta eit tilbakeblikk. Det eine viset er å vere sjølvkritisk, å gå i seg sjølv og finne ut kva ein gjorde gale og kva ein kan endre til det betre.
Den andre måten er å skulde på ytre faktorar. Då er det som regel dommaren som kjem i fokus, garderobetilhøve eller været.
Den elles glitrande sonen til Svein Bakke, Eirik, vel her den siste utgåva. Ifølge guten med slektsrøter i Holmedal, var det dommaren å klandre, då Sogndal hadde Strømsgodset på gaffelen, men likevel gjekk på eit forsmedeleg tap. Laget frå fruktbygda fekk to raude kort heilt på tampen, å kjempe 9 mot 11 vart for tøft.
Eit godt livsmotto er å ikkje bruke krefter på noko du ikkje kan gjere noko med. Det vert ikkje feil å ta dette rådet med seg inn på bana. Dommaren er einerådande, som ein diktator. Å slåst mot han løner seg ikkje. Det er ikkje berre formålslaust, men kan syne seg reint destruktivt. Bakke junior bør seie til sine disiplar at dei skal bøye seg i støvet for denne overmakta og ikkje oppføre seg som rampeungar i den verste puberteten. I den grad det er mogleg å påverke dommaren, bør gutane takke og bukke og ikkje skjelle han eller ho ut etter notar. Hadde ein slik eksemplarisk oppførsel gjort seg gjeldande, kunne poenga vart att mellom frukttrea i eplebygda.
Det vert heller ikkje feil å trø varsamt når kampen går mot slutten. Å hovudlaust å stupe inn i taklingar som kan medføre kort, er ikkje vist. Om Sogndal lærte noko av kampen mot Godset, vil syne seg. Dei bør i alle fall ha lært kva som skal til for ikkje å miste krigarar midt i striden.