Det er ein auke på 71,3 millionar kroner samanlikna med same periode i fjor. 

– Vi har god grunn til å vera nøgde med halvårsresultatet. Det sterke resultatet heng sjølvsagt saman med høge prisar i marknaden, men hadde ikkje vore mogleg utan kompetente tilsette som kvar dag står på for at anlegga våre skal kunna produsera kraft når samfunnet har behov for det, seier administrerande direktør John Martin Mjånes i SKL i ei pressemelding. 

SKL er som kjend i gang med fleire store prosjekt. Blant anna utbygginga av Blåfalli Fjellhaugen kraftverk i Kvinnherad, som starta opp for om lag eitt år sidan. Eit kraftverk som skal få ein installert effekt på 185 MW og gi om lag 70 GWh ny produksjon årleg. 

– Blåfalli Fjellhaugen er utan tvil det største utbyggingsprosjektet SKL har no. I tillegg til å gi meir fornybar kraft, blir kraftverket nyttig for å styra produksjonen i heile vassdraget betre. Det er mange tilsette, hovudentreprenør og underleverandørar som jobbar døgnet rundt for å få på plass kraftverket inne i fjellet. For tida held dei på å ta ut kraftstasjonshall og vassvegtunnelar, seier Mjånes om kraftverket som etter planen skal koma i drift i 2029. 

I pressemeldinga skriv SKL også at kraftmarknaden i Noreg har vore prega av lågare tilsig enn normalt i løpet av årets første halvår. 

«Det har gitt låge magasinnivå generelt, også i SKL sine magasin. I kombinasjon med internasjonal uro og høge gassprisar, har det gitt eit halvår med høge kraftprisar. Gjennomsnittsprisen var 111,8 øre/kWh i prisområdet NO2, som er prisområdet SKL har det meste av produksjonen i. Tilsvarande pris for første halvår i fjor, var 72,9 øre/kWh», står det i pressemeldinga. 

Les også

Nytt tjuveri på Husnes: – Eit gjentakande problem