Frå 1. juli tredde den nye viltressurslova i kraft. Ho erstatta viltlova frå 1981.

I lova vert bruk av termisk siktemiddel på våpen forbode i hjortejakta. 

Kommunane kan likevel opna opp for bruk av denne teknologien i eiga forskrift.

Eit termisk siktemiddel er eit varmeregistrerande sikte som fangar opp varmestråling frå omgjevnadane og frå levande organismar. Siktet gjer det mogleg å sjå dyr uavhengig av dagsljos.

LEVER FARLEG: Varmesøkjande utstyr, både handhalde og som sikte på geværet, gjer det enklare å spora opp hjortar.
Foto: Sveinung Klyve

Ulvik, Eidfjord og Kvam opnar opp

Eidfjord, Ulvik og Kvam herad ynskjer å opna opp for bruk av varmeregistrerande sikte. 

Dei tre kommunane har ei lokal forskrift ute på høyring. Etter at høyringsfristen har gått ut skal ho behandlast politisk.

Forskrifta opnar opp for bruk av termiske og restlysforsterkande siktemiddel ved hjortejakt i ope terreng.

Kommunane grunngjev ynska om å ta i bruk termisk siktemiddel med at hjortestamma er for høg. Dette fører til beiteskadar i frukthagar, innmark og skog.

– Vil den lokale forskrifta gjelda for alle jegerar?

– Ja, ved ei lokal forskrift vil det gjelda heile kommunen og alle jegerar, seier viltforvaltar i Voss herad Ingmar Slettemark. 

Termisk handhalden spottar er lov

Slettemark seier det er viktig å skilja mellom våpenmontert termiske siktemiddel og spottarar (kikkertar). 

– Varmesøkjane spottarar er lovlege og er alt i bruk. Dette er eit kraftig hjelpemiddel som kan brukast på alt vilt, uttalar Slettemark.

Forskrifta som er til høyring i Ulvik, Kvam og Eidfjord gjeld varmesøkjande sikte festa til sjølve våpenet.

Det er ikkje lett å gøyma seg når varmesøkjande sikte er i bruk.
Foto: Sveinung Klyve

Ikkje på Voss i år

Det vert ikkje opna opp for jakt med termisk sikte på Voss i år. 

Slettemark uttalar at for å opna opp for jakt med termisk sikte må saka behandlast politisk. Dette er ein prosess som tek tid. 

– Viss det går mot ein opning på Voss så vert ikkje dette før tidlegast i 2027.

– Ikkje jakt, men slakt

I Vaksdal vil administrasjonen leggja fram eit forslag til forskrift for formannskapet. Viss denne vert godkjent vert forskrifta sendt til høyring og behandla i kommunestyret i november 2026. 

– Fram til kommunen eventuelt vedtek ei lokal forskrift, er det ikkje tillate å bruka termiske eller restlysforsterkande siktemiddel under hjortejakt i Vaksdal, skriv kommunen på nettsidene sine.

Slettemark støttar bruk av denne teknologien i område med stor tettleik der dyra gjer skade. Det er veldig effektivt, og med hjelpemiddelet er det mogleg å skyta ned bestandane endå hardare.

– Men det er ikkje eit leiketøy. Dyra vert heilt avkledde, dei har ikkje moglegheit til å gøyma seg, dei har ikkje ein sjanse. Det er ikkje jakt, men slakt, seier viltforvaltaren.

Ingmar Slettemark er viltforvaltar i Voss herad. Han nyttar varmeregistrerande teknologi i jobben, men ikkje privat.
Foto: Privat

Brukar det sjølv, men berre på jobb

Som viltforvaltar har Ingmar Slettemark lov til å nytta seg av termisk sikte uavhengig av om det er vedteke ei lokal forskrift.

Han har brukt teknologien i jobben sin, men fastmontert termisk siktemiddel har han berre nytta seg av éin gong dei siste fire åra.

– Det er heilt unntaksvis at eg har bruk for det, seier han. 

Den handhaldne spottaren er meir brukt, men berre for å spora opp skada dyr som han skal avliva, gjerne på natta. I jobbsamanheng er hjelpemiddelet svært effektivt. Han får jobben gjort og kan reisa heim att. 

– Som offentleg hjelpemiddel er det flott. Eg får gjort det eg skal og det går fort og det er lettvint. Men i kommunen utfører eg ein jobb, eg er ikkje på jakt, seier Slettemark

Når Slettemark sjølv er ute på jakt i fritida si, ligg det termiske utstyret att heime.