På den siste dagen av overgangsvindauget blei det klart at Erik Botheim melder overgang frå Malmö til Viking. Det stadfestar klubben i sine eigne kanalar. 

RA Stavanger erfarer at Botheim kostar Viking 25 millionar kroner.

Avtalen strekkjer seg ut 2030-sesongen.

– Det er utruleg mykje spennande som skjer i Viking, og dei har hatt ei enorm utvikling dei siste åra. Det er eit spennande prosjekt som trygger, seier Botheim på Vikings eigen nettstad.

Han trur sjølv at han passar Viking som hand i hanske.

– Eg har sett mykje av Viking og korleis dei spelar, og trur eg vil passe bra inn her. Eg er svolten og trur dette kan vere eit fint steg.

Kontrakten varer ut 2030-sesongen.

Freista av Champions League

Botheim har store ambisjonar for tida i Stavanger, og siktar mot både heimleg og europeisk suksess.

– Eg trur eg kan bli enno betre i Viking. Eg håpar eg òg kan bidra med scoringar. Så håper eg me kan vere med å kjempe om seriegull og spele ute i Europa.

Mogelegheita for å spele Champions League-fotball var ein sterk motivasjonsfaktor for Botheim, som let seg imponere av heimekampen mot Dinamo Zagreb.

– Det var mektig å sjå. Sjølvsagt har det òg mykje å seie at dette er ei mogelegheit til å spele i Champions League her.

Han fortel at han gler seg til å møte supporterane.

– Me skal ha det mykje gøy saman!

Sjokkovergang

Sportssjef i Viking, Erik Nevland, er glad for å ha landa signaturen til Botheim.

– Me er veldig glade for å ha landa denne avtalen. Erik har solid erfaring, og vil gi oss økt konkurranse framover i banen. Me ser fram til å sjå han i Viking-drakta, seier Nevland.

Mange hugsar han kanskje frå då han scora 15 mål på 30 kampar for Bodø/Glimt i 2021.

Sportssjef i RA Stavanger, Espen Iversen, har karakterisert overgangen som ein sjokkovergang.

At han ikkje signerte i tide for onsdagens batalje mot Brodd lever han nok fint med. Me kan vel trygt slå fast at det var andre ting enn 1. runde i cupen på Midjord som fungerte som gulrot då millionstjerna valde Viking.

Tidlegare onsdag landa òg Essien Bassey (19) på Sola. Han er i Stavanger for å gjennomføre overgangen til Viking frå den nederlandske klubben PSV.

Les også

HamKam har gitt Potur fri fra trening

Les også

Deadline day: Fullt kok, Bassey, Botheim, Potur – og et potensielt skyhøyt spill

Les også

Bekreftet: Essien (19) er klar for Viking

Hopp over karusellen.