Klokka 01.00 rykte politiet ut til ein privatadresse i Florø etter melding om ein rusa mann som laga bråk og forstyrra naboane.

– Då politiet kom på døra, kom mannen ut med ein øks i handa. Han kom med verbale truslar mot politiet, melder operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Morten Rebnord.

Politiet tok fram elektrosjokkvåpen og åtvara mannen. Dei bad han legge frå seg øksa. Det gjorde mannen, og politiet fekk kontroll på han.

Han blei køyrd til arresten i Førde og blir meld for å ha truga politiet.

Ingen personar blei skadd under hendinga.