Debattinnlegg

Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Menon Economics har, i fylgje Jærbladet sin artikkel den 19. august, publisert ein rapport på oppdrag frå Green Mountain for å avkrefta mytar rundt datasenter. 

Dette er noko som eg ynskjer velkomen.

Her er det mange fine tal å sjå til. Om lag 4700 årsverk i Noreg, 1300 av dei i Rogaland. 2500 årsverk hjå direkte hjå leverandørar, resten lenger ut i leverandørkjeda. 

Dette ser skikkeleg gjævt ut. 

Problemet er berre to ting, reint umiddelbart. For det fyrste, så er dette mellombelse vinningar i byggefasen, og kjem ikkje til å vara. 

For det andre verker det rimeleg trygt å anta at me hadde sett liknande tal på ei kvar investering av liknande summar (10,9 milliardar kroner) for å reisa nye, moderne industribygg.

Det tyder ikkje at ein skal underslå kor store investeringar det her er snakk om – ingen har nokosinne hevda at det ikkje er store summar i spel her – men det må vera lov å seie at det ikkje er noko unikt for nett denne utbygginga.

På toppen av dette – tre, tre ting – påpeiker Menon Economics i fylgje Jærbladet att (sitat):

«Prosjektet er framleis i ein tidleg fase, og ein del tal manglar. Dei understrekar dermed at prognosane er eit estimat, altså ikkje noko ein kan setja to strekar under, og at dei bør «tolkes med varsomhet». 

Med andre ord må ein ta absolutt alle tal som vert gjevne med ei klype salt.

Noko som gjer at når dei anslår at det vil vere 100 årsverk ved datasenteret i seg sjølv når det kjem i full drift i 2028, og 35 i leverandørkjeda (15 i Rogaland, 20 i resten av Noreg), så er det grunn til å vera skeptisk. Så, orsak. Fire. Fire ting.

Tala som vert gjevne for verdiskaping vert då tilsvarande vanskelege – fem! Fem ting – men lat oss seie at Menon Economics får rett. At dette går nett sånn som dei spår, utan nokon problem (kall meg gjerne pessimist, men i mi erfaring er det sjeldan ting går så godt).

Eg kan gje dei rett i alt, for det dei har sytt for er å knusa den største myten kring datasenterbransjen. Og ja, eg veit at eg har hakk i plata her, men eg nektar å berre la dette passera:

Dei største mytomanane som Menon Economics har avkledd, den største myten dei sprengjer i tusen bitar, er myten deira eigen arbeidsgjevar har spunne. Dei som lova tusenvis av arbeidsplassar knytt til datasentera dei vil byggja. Anten tala frå Menon er optimistiske eller konservative, så er 100 arbeidsplassar på Undheim og 500 på Kalberg så milevis unna alt det som vart seld inn frå utbyggjarane at dei burde skjemmast.

Så all ære til Menon Economics.

Eg set pris på at dei endeleg, utan blygsel og framfor Gud og menneske, viser kven som faktisk spinn mytar kring datasenter.