Det seier fabrikksjef ved Hydro Årdal, Anveig Bjordal Halkjelsvik til Sogn Avis etter at det sist veke vart klart at Statkraft og Hydro inngår ein ny kraftavtale som varar fram til 2040.
– Avgjerande
Den skal sikra at det blir levert monalege mengder kraft til det som heiter prisområde NO5, som også omfattar Årdal.
Høyanger ligg til samanlikning i eit anna prisområde, og er ikkje omfatta av denne avtalen.

Hydro har lenge meldt klart ut at det er trong for større mengder kraft i åra som kjem. Ein avtale med Statkraft vil monna noko, men det må framleis jobbast med nye løysingar.
Foto: Pressefoto/Hydro
– Poenget er at kraftavtalen er inngått for leveransar i NO5, og Hydro sitt einaste produksjonsanlegg i NO5 er Årdal, seier kommunikasjonsrådgjevar i Statkraft, Lars Martin Günther.
– Krafta i denne avtalen vil med andre ord bli nytta ved aluminiumsverket i Årdal, som med dette har fått sikra seg ein andel av kraftbehovet sitt fram til 2040.
– Avtalen med Statkraft bidreg til at det blir meir føreseieleg for oss i Årdal, og er med på å dekkje delar av vårt framtidige kraftbehov etter 2030, seier fabrikksjef Bjordal Halkjelsvik.
Framleis stort behov
– Langsiktig tilgang på kraft til konkurransedyktige prisar er avgjerande for at vi skal kunne halde oppe og vidareutvikle produksjonen og leveransane våre av lågkarbonaluminium til industrien i Europa, er den klare meldinga.
Det er mange år sidan Hydro melde frå om at verksemda vil ha eit auka behov for kraft i åra framover, spesielt etter 2030. Bjordal Halkjelsvik understrekar at kraftbehovet framleis er stort.
– Difor må me halde fram med å utvikle meir fornybar kraft for å sikre industri, arbeidsplassar og lokal verdiskaping i tiåra som kjem. Avtalen som no er på plass er eit viktig steg for å sikra drifta her i Årdal, seier ho.
Les også
Statkraft og Hydro inngår langsiktig kraftavtale