Etter kvalifiseringa klokka 4 natt til laurdag, er Marcus Thomsen (27) frå Voss klar for finalen i kulestøyt. Dette melder NRK.
Finalen i friidretts-VM i Japan går klokka 14 laurdag.
Vossingen vart nummer 11 etter det NRK kallar ei nervepirrande kvalifisering. I det fyrste av tre forsøk landa kula på 20,48 meter. Det andre og det tredje forsøket vart dødt, og då måtte Thomsen venta og sjå korleis konkurrentane gjorde det.
– Eg trudde ikkje det skulle gå i dag. Eg veit ikkje kva som skjedde eigentleg. Det var dritdårleg støyting, sesongens verste, men det heldt. Eg er ikkje ute og det er digg, seier Thomsen til NRK.
Tidlegare i sommar sette han norsk rekord i kulestøyt med 21,23.
Thomsen seier at han skal bruka dei neste timane på å eta, slappa av og sova.
– Det har vore ein lang sesong, så mange er nok slitne. Finalen vert som den vert. Det er siste konkurranse for sesongen, så det er berre å køyra på, seier han.
36 utøvarar tok seg til finalen, og det var Tom Walsh frå New Zealand som hadde det lengste støyten med 21,24.
Marcus Thomsen (27) er Voss sitt håp i friidretts-VM i Japan.
Foto: Heiko Junge/NTB
Les også
Aud vann prestisjepris: – No reiser eg til Italia
Les også
Jublar over nysatsing: – Kanonbra!
Les meir om: artikkelemnene