Ein kan kanskje kalle eit Steinway-flygel for pianomarknaden sitt svar på Rolls-Royce? Dei produserer ganske få instrument i året, langt færre enn til dømes Yamaha eller Kawai, men i marknaden for profesjonelle konsertflygel dominerer dei likevel marknaden. Å ha eit Steinway-flygel ståande er rett og slett litt stas. Noko som gir prestisje. 

På Husabula kulturscene står det nettopp eit slik flygel, og no er det nyrestaurert og like godt som nytt. 

– Skulle du kjøpt dette nytt i dag hadde det kosta rundt 3,5 millionar kroner, seier Eirik Husabø medan han dreg flygelet ut av pianokassa si for å vise det fram for Firdaposten. 

Frå 1958

Han opnar lokket, og bilassosiasjonane blir berre sterkare. Dette er om lag som å vere på Am Car-treff og sjå eigarane opne panseret for å vise fram nyrestaurerte V8’arar med krom og masse godlyd. Noko litt anna enn det elektriske Casio-pianoet journalisten har ståande heime i kjellaren og samle støv. 

Korleis i alle dagar har dette flygelet hamna i Florø, er eit naturleg spørsmål, og Husabø har svaret. 

RETUR: Her kjem flygelet tilbake frå eit etterlengta spa-opphald i hovudstaden.
Foto: Privat

– Dette var lærarhøgskulen i Bergen sitt flygel, så har du utdanna deg der kan det hende du har klimpra litt på det. Det var ganske slite, så skulen skulle kjøpe nytt, og dei hadde ikkje nokon plass å oppbevare det gamle. Eg fekk kjøpe det ganske billeg. 

Flygelet er frå 1958, og sjølv om det var litt slite då Husabø overtok det, var det framleis spelbart. Eit Steinway-flygel er bygd med kvalitet i kvar einaste streng og skrue, og om ein tek godt vare på det så held det lenge. Men av og til må sjølv Steinway-flygel restaurerast. Tidlegare i år blei flygelet pakka ned, og sendt til Oslo for ein full innvendig restaurering. 

RESTAURERT: Innvendig er det meste nytt i det gamle flygelet frå 1958.
Foto: Arne Hjorth Johansen

Snikra heile sommaren

Hellstrøm Flygel og Piano AS tok på seg jobben, og på seinsommaren kom flygelet tilbake. I mellomtida har Eirik og Husabulas gode hjelparar jobba på spreng med å bygge eit pianoskåp som flygelet kan stå i når det ikkje er i bruk. Heldigvis har vêret vore så dårleg i sommar at det ikkje har vore noko betre å ta seg til enn å snikre innomhus. 

– Det har vore så stygt ver! Eg har berre stått her i heile sommar, seier Husabø og peiker på pianohuset. 

Sparebanken Norge er inne med midlar til støtte for pianoskåpet. Her skal det på sikt monterast eit klimaanlegg som skal sørge for at pianoet til ein kvar tid har perfekte forhold. 

SNIKKARKUNSTNAR: Her er arbeidet med å bygge eit lite rom til Steinway-flygelet godt i gang. Nokre fordelar er det jo med ein dårleg sommar. Ein kan snikre i staden for å vere på sjøen.
Foto: Privat

– Dei har skifta ut omtrent alt det innvendige. No skal vi ta det i bruk, og når vi har spelt rundt 40 timar på det kjem det folk frå Hellstrøm opp hit for å justere. Då skal dei og montere eit klimaanlegg slik at vi ikkje må restaurere på nytt om to år. 

Innvendig er alt nytt, blankt og fint. Utvendig derimot, ser instrumentet ut akkurat slik det gjorde før. 

– Nei, utvendig har vi ikkje gjort noko. Ein ser at det er eit gamalt instrument, men skulle vi lakkert det på nytt og fått det til å sjå heilt nytt ut, hadde det sikkert blitt dobbelt så dyrt. Det har vi ikkje pengar til, og det er heller ikkje naudsynt. Det betyr ingenting for lyden, seier Husabø. 

Feirast med konsert

Husabula Kulturscene er ei frivillig stifting utan all verdas økonomiske musklar. Det er gjennom Sparebankstiftinga i Sogn og Fjordane sine gåvemidlar at dei har fått finansiert restaureringa, til ein kostnad på 300.000 kroner. 

At flygelet no er tilbake i Florø må markerast slik seg høyr og bør: Med ein pianokonsert i midten av oktober. 

– Vi skal ha flinke folk til å spele. Arne Sunnarvik, Sivert Blindheim, Anders Taklo og Asbjørn Vie har sagt ja til å spele, og eg har sagt eg skal komponere eit lite stykke til Anders Taklo som han kan spele. Det har eg rett nok ikkje starta på enno …

– Kanskje eg ikkje skal skrive det då?

– Jau, skriv det! For då må eg gjere det!

– Nei! Du må ikkje ta bilde av meg når eg konsentrerer meg. Då ser eg ut som eg er 180 år gamal. Vi gjorde det likevel.
Foto: Arne Hjorth Johansen

Men komponisten Eirik Husabø har ikkje tenkt å spele noko sjølv på den konserten. Det er han ikkje god nok til, meiner han. 

– Nei, eg kan eigentleg ikkje spele piano. 

Og når journalisten ler litt overberande av påstanden, legg han til. 

– Det er ikkje berre noko eg seier. Eg kan akkompagnere, det er ikkje det, men når vi skal feire at pianoet er tilbake må vi ha folk som verkeleg kan spele piano, ikkje slike som meg. Eg er ein potetpianist. Eg passar til alle rettar, men eg er ikkje det beste i måltidet. Eg er ikkje indrefileten, avsluttar han. 

Følg med på Husabula sine Facebook-sider, eller på Firdaposten sin nye kulturkalender, så vil det nok komme meir informasjon om konserten om ikkje så lenge. 

Steinway & Sons lager piano i både New York og Hamburg. Dei lagar om lag 2500 i året.
Foto: Arne Hjorth Johansen

Les også

For 11 år sidan heisa Eirik flygelet frå 1958 på plass. Så glad blei han då han fekk pengar til å fikse det opp

Les også

Høg lyd. Store draumar: – Vi er Sickness Issues!

Les også

Bandet Undiagnosed fann fellesskap i rocken

Les også

No skal Annika stå på eigne bein: – Eg må riste av meg styggen på ryggen