Måndag kveld runda pianisten, komponisten og humoristen Sjur Hjeltnes (52) av ein maraton med 27 framsyningar under Edinburgh Festival Fringe med showet «Go Go Go Cake and Piano» – nokre månader etter at han sjarmerte heimbygda under landsmøtet til LLA på Voss.

– No har eg sagt til folk frå scena i 27 dagar at dei må slappa av og gjera ingenting. Så dei neste to dagane skal eg berre vera turist og ikkje gjera noko anna enn å drikka sjampis og eta peanøtter!

Sjur Hjeltnes framom Gilded Balloon Patter House i Edinburgh.
Foto: Privat

Sidan 5. august har Hjeltnes stått på scena kvar einaste kveld på Gilded Balloon Patter House, ein av dei mest velkjende arrangørane på festivalen. 

Måndag 31. august klokka 22.00 sette han punktum for ein intens festivalperiode i den intime salen The Snug. Showet vart undervegs kruna med den prestisjetunge utmerkinga «Mervyn Stutter’s Pick of the Fringe 2026».

Showet i Edinburgh

  • Artist: Sjur Hjeltnes
  • Framsyning: «Go Go Go Cake and Piano»
  • Festival: Edinburgh Festival Fringe 2026
  • Stad: Gilded Balloon Patter House, The Snug
  • Speleperiode: 5.–31. august (Avslutta)
  • Tal på framsyningar: 27
  • Utmerking: Mervyn Stutter’s Pick of the Fringe 2026
  • Regi og medforfattar: Teodor Janson
  • Hopp over karusellen.

    • Trekte ut på gata: Sjur og dottera Irene delte ut løpesetlar.

      Foto: Privat

    • Sjur med familien: Tina, Irene og Anna på Gilded Balloon sin avslutningsfest.

      Foto: Privat

    • Arne Hjeltnes delte også ut flygeblad for Sjur.

      Foto: Privat

    For Sjur Hjeltnes vart festivalen eit uvanleg maraton, og det heile vart på mange måtar sommarferien til familien. Familien var med over i starten, og kom tilbake den siste helga.

    – Både døtrene mine, kjærasten til Anna og brørne mine Arne og Knut, måtte ut på den hektiske gata The Royal Mile for å dela ut flygeblad og hjelpa til. Dette var fyrste gongen eg spelte eit soloshow 27 dagar på rad utan pause. Det var tungt kroppsarbeid éin time om dagen, men ein kjem inn i grooven etter kvart, ler vossingen på telefon frå Skottland dagen etter at sceneteppet fall for siste gong.

    – Sånne store hus som The Gilded Balloon byrjar med framsyningar klokka 11 på føremiddagen og held på til midnatt. Eg spelte klokka 22.00. Me hadde éin time på oss, og så var det rett ut for å gjera plass til neste.

    Sjur Hjeltnes på plakaten.
    Foto: Privat

    Namnetrening, «tullefinsk» og franske pausar

    I «Go Go Go Cake and Piano» har Hjeltnes synt fram si unike evne til å blanda virtuost pianospel, musikalsk humor, levande forteljingar og medviten «broken English». Saman med regissør og medforfattar Teodor Janson har han klart meisterstykket det er å ikkje berre omsetja norsk materiale, men å skapa ei fullverdig internasjonal framsyning.

    Idéen vaks opphavleg fram på firmajobbar heime i Noreg. Fleire bedrifter etterspurde underhaldning på engelsk for sine internasjonale tilsette, og det som byrja som spesialtilpassa innslag for næringslivet, vart etter kvart vidareutvikla til eit heilaftans teatershow.

    – Eg snakkar om musikken, døden, kjærleiken og meininga med livet. Og det fine med eit internasjonalt publikum er at dei same vitsane funkar – dei store tankane er akkurat dei same i Edinburgh som på Voss, fortel Hjeltnes, før han legg til med eit glimt i auget:

    – Dei beste tinga i livet er jo gratis. Bortsett frå sjampisen, då!

    For eit internasjonalt publikum byrjar showet ofte med ein språkleg oppvarmingseksersis:

    – Eg heiter jo Sjur Hjeltnes, så alle saman i salen må ha ei lita øving og læra seg å seia namnet mitt. Det er eit morosamt namn for utlendingar, men det gjev ein liten spiss på det heile.

    Vil du sjå neste video?


    Fyller opp før morgondagen: – Tragisk1:53

    Slik høyrdes det ut då maraton-vossingen Sjur Hjeltnes tok Fringe-festivalen med storm.

    Hjeltnes har lenge brukt språket som eit reinskore musikalsk instrument. Sjølv utan å kunna språka flytande, snakkar han gjerne «tullefinsk» eller improvisert brasiliansk på scena ved berre å lytta til rytmen, melodien og klangane i orda.

    – Om ein tek vekk meininga i språket, ser eg berre på korleis folk lagar lydar. Franskmenn er til dømes veldig sparsame med lydane sine – dei tek lange pausar, og så går det fem minutt før det kjem ein ny lyd. Finsk blir reine musikken! Det var utruleg frigjerande å gjera materialet på engelsk, for ein del ting vert nesten morosamare når ein får den vinkelen.

    Hopp over karusellen.

    • Blodfan: Sjur live med dotter Irene på fyrste rad.

      Foto: Privat

    • Sjur spelte 27 show på 27 dagar.

      Foto: Privat

    Kake-forventningar og stovestemning

    Publikumstala svinga kraftig i den skotske hovudstaden. Ein dag var det fullt hus med 40 elleville amerikanarar og skottar, ein annan dag var det seks i salen. 

    Dei intime rammene i The Snug – ein sal med plass til berre 18–40 personar – gjorde at Hjeltnes sat kloss i publikum, noko som forsterka den nære stovestemninga. Den mest spesielle framsyninga var då det berre dukka opp to personar.

    – Det minste publikummet eg hadde, var to svenske damer. Det var litt rart at ein nordmann stod der og fortalde vitsar på engelsk, men så sa dei «let’s go!». Då vart det som å ha folk på besøk i stova. Dei fekk heile showet, og etterpå sat me og prata og eg anbefalte restaurantar i byen til dei.

    Også showtittelen skapte morosame situasjonar i appen der publikum la inn meldingar:

    – Franskmennene skreiv at dette var overraskingshiten på festivalen, men vedgjekk at dei trudde dei skulle få kake! Me hadde kake på premieren, og me skjøna at om me deler ut gratis kake kvar dag, då kjem folk garantert. Så neste gong må eg vel ha med forkle og baka heile dagen, humrar han.

    Sjur saman med Viggo Venn: – Han hadde eit veldig bra show!
    Foto: Privat

    Møttest i Skottland: Sjur delte erfaringar med komikarkollega Pernille Haaland under Edinburgh Fringe.

    Handplukka til prestisjetungt utstillingsvindauge

    At Hjeltnes vart dregen fram i ljoset på verdas største scenekunstfestival, er inga lita bragd. 

    Undervegs i festivalen vart showet handplukka til Mervyn Stutter’s Pick of the Fringe. Denne utmerkinga og serien med gallaframsyningar er ein av dei eldste, mest respekterte og lengstlevande tradisjonane på Edinburgh Fringe, og vert ofte omtalt som eit «Royal Variety Show». 

    Bak konseptet står veteranen Mervyn Stutter, som har finkjemma festivalen for dei beste showa i over tre tiår for å løfta dei fram i ljoset.

    Utmerkinga resulterte i at Hjeltnes fekk opptre for eit fullsett Pleasance Theatre måndag 17. august på ein eigen galla. Festivalen baud også på eit sterkt kollegialt samhald mellom artistane frå heile verda.

    – Om du ikkje går på showet til nokon, kjem dei ikkje på ditt. Ein walisisk radiofyr som spelte i same lokale som meg, hadde eit show om bestefaren sin som var sauebonde, poet og sjømann. Han kom på mitt show, og eg gjekk på hans. Det er utruleg hyggjeleg å møta folk på den måten.

    Dette er: Sjur Hjeltnes

    • Fødd: 1974 på Voss (busett i Bergen)
    • Utdanning: Griegakademiet og École Normale de Musique de Paris
    • Yrke: Pianist, komponist og humorist
    • Kjende prosjekt: Eides språksjov (NRK), Nordic Tenors, podkasten 3xHjeltnes
    • Utmerkingar: Komiprisen (2006, med Nordic Tenors), Mervyn Stutter’s Pick of the Fringe (2026)

    Sjur på opningsfesten: Presselansering på Gilded Balloon.

    Frå haiking i 1993 til sjampis og peanøtter

    Det er ikkje fyrste gongen vossingen er i Skottland, men kontrasten til hans førre tur er stor.

    – Eg var her som backpacker for over 30 år sidan, i 1993 då eg var russ. Då haika eg rundt i Skottland med ryggsekk i ein månad, og då var det stille og roleg! No er festivalen heilt vanvitig, det er heilt crazy med folk, flammesjonglørar og flygeblad overalt.

    Sjur og regissør Teodor Janson.
    Foto: Privat

    Planen er no å ta suksessen vidare og reisa attende til Edinburgh neste år.

    – Det er mange som kjem tilbake med same framsyninga, for fyrste gongen kjenner ikkje folk deg. No kjenner me huset på Gilded Balloon, og me har fått gode skotske vennskap og omtale me kan byggja vidare på.

    Før Hjeltnes set seg på flyet heim, har han likevel eitt umiddelbart mål for auga. I showet har han i 27 dagar preika for publikum at dei må senka skuldrene, slappa av og berre gjera ingenting.

    – Dei neste to dagane skal eg berre vera turist i Edinburgh og ikkje gjera noko anna enn å drikka sjampis og eta peanøtter, seier ein stornøgd vossing i haggis-land.

    Sjur Hjeltnes er ikkje den einaste frå Noreg som har vitja Fringe-festivalen. I 1999 spaserte prinsesse Märtha Louise langs The Royal Mile for å kjenna på folkelivet, her saman med sekkepipespelaren Matthew Strachan frå Aberdeen.
    Foto: Roger Donovan / AP

    Slik fungerer verdas største scenekunstfestival

    • Tid og stad: Edinburgh Festival Fringe går av stabelen i august kvart år og forvandlar heile den skotske hovudstaden til eit enormt teater.

    • Dei store arrangørane («The Big Four»): Driven fram av enorme venue-operatørar som Gilded Balloon, Pleasance, Underbelly og Assembly, som gjer om pubar, telt og salar til scener.

    • Gatelivet på The Royal Mile: Artistar i kostyme deler ut flygeblad og kjempar ein innbiten kamp på brusteinen om publikum si merksemd.

    • Logistikk og spontanitet: Publikum navigerer via Fringe-appen eller nyttar «Half-Price Hut» i sentrum for billige spontanbillettar til ukjende show.

    Vossatungt: Vossingane var tungt inne då Nynorskhuset i Førde vart offisielt opna.
    F.v. Linda Eide, Gunnstein Akselberg, Ingvild Bryn, Sjur Hjeltnes og Halvor Folgerø.
    Foto: Avisa Hordaland

    Frå språksjov til brørne Hjeltnes

    Sjur Hjeltnes har markert seg sterkt i det norske kulturlivet gjennom ein unik kombinasjon av virtuos musikalitet og lun verbalhumor, ofte i nært samarbeid med andre vestlandskunstnarar.

    For det norske publikummet er han truleg mest kjend frå Eides språksjov frå 2017 til 2024. 

    Tidlegare var Hjeltnes òg eit sentralt medlem og kapellmeister i vokalgruppa Nordic Tenors. Ved å kombinera storslått klassisk song med humor, trefte dei ei brei nerve i det norske folk og vart tildelt Komiprisen i 2006.

    Familiepodkast: Mor Andi, Sjur, Knut og Arne lagar podkasten 3xHjeltnes saman.
    Foto: Vidar Herre / 3xHjeltnes

    Ved sida av dei riksdekkjande TV- og teateroppdraga er Hjeltnes djupt forankra i heimstaden. Han samarbeider jamleg med brørne Arne og Knut Hjeltnes om ulike kulturinnslag og underhaldningsprosjekt, mellom anna gjennom podkasten 3xHjeltnes, der også mor Andi er eit fast innslag.

    Då Landslaget for lokalaviser (LLA) feira sitt 50-årsjubileum med landsmøte på Voss i april 2026, fekk Sjur og Arne syna fram dette tette bandet til heimbygda. 

    Bror Arne og Sjur Hjeltnes i fri dressur på landsmøtet til lokalavisene på Voss i april.
    Foto: LLA

    Saman leia dei festmiddagen og prisutdelinga med musikalske innslag og lun vossahumor, framfor ein fullsett sal av mediefolk, der Sjur også framførte delar av Fringe-framsyninga si på norsk.

    Les også

    Tre blad Hjeltnes – pluss mamma Andi