– Eirik Bakke held fram som mellombels hovudtrenar for A-laget til Sogndal Fotball til og med 7. september, melder Sogndal Fotball på sine nettsider fredag.
Sogn Avis har vore i kontakt med dagleg leiar Ingrid Narum fredag ettermiddag, ho opplyser at ho ikkje har meir å leggja til ut over det som står i meldinga på nettsida.
71 dagar
Det har gått 71 dagar sidan Luis Pimenta tok pause som Sogndal-trenar i samband med at klubben skulle undersøkja bekymringsmeldingane mot han.
Eirik Bakke kom inn som vikar, og sidan har engasjementet blitt forlengja fem gonger. Den fjerde var frå måndag til torsdag denne veka, og no altså fram til komande måndag.
Sogndal Fotball nyttar ekstern ekspertise for å handsama bekymringsmeldingane.
Konklusjonane frå desse skal etter det Sogn Avis forstår vera sentrale i prosessen rundt kva som skjer vidare i arbeidsforholdet mellom trenar og klubb.
– Me er glade og takksame for at Eirik stiller opp for å hjelpa klubben sportsleg, skriv Sogndal Fotball.