VM-finalen laurdag i kulestøyt vart skuffande for Marcus Thomsen (27) frå Voss.

På både fyrste og andre støyt trakka Thomsen over streken og forsøka vart ugyldige.

– Det var ein litt svak støyt. Det såg ut som om han var litt tam i rotasjonen, og han er også smal i beinstillinga, sa kommentatorane til NRK om det fyrste forsøket.

Det tredje og det fjerde forsøka vart gyldige, med lengdene 20,41 og 20.53. Men dette var dessverre ikkje nok til å vera med vidare i finalekampen, og han enda på ein 10. plass.

Nervepirrande for bestemor

På Voss fylgde bestemor Gerd Rogneby spent med på finalen. Men det å sjå barnebarnet på TV-skjermen greier jo ikkje.

– Det er heilt forferdeleg! Eg vert så nervøs! Eg har vore på Hodnaberg i dag og målt på dører medan eg høyrde finalen på radio. Eg greier ikkje å sitja roleg når han er i aksjon, då er det betre å ha noko å gjera på, seier Rogneby.

Sjølv om det ikkje gjekk vegen for 27-åringen, er bestemor stolt over barnebarnet sitt.

– Eg veit at han er skuffa og at han skulle ynskja at han gjorde det betre. Han veit jo godt at han har meir på lager. Men slik er det. Ein kan vera så god ein berre vil på treninga, alt skal klaffa i konkurranse.

– Korleis vil du beskriva Marcus?

– Han har vore bestemor sin godgut heilt frå han vart fødd!

SLÅR ALARM: Styret for Pensjonistforbundet Voss har gjort ein grundig jobb med notatet om dei eldre. Bak frå venstre Borghild Lirhus, Gerd Rogneby, Lars Konrad Bonsaksen og Bjørn Christensen. Framme f.v. Sverre Kvitne, Bodil Aagaard og Magne Vassenden.

Bestemor Gerd Rogneby er stolt over barnebarnet Marcus.
Foto: Geir Geitle

– Anspent

Like før det siste forsøket til Thomsen intervjua NRK trenaren til Thomsen, Paul André Solberg.

– På treninga før i dag sa han at han mister balansen litt, og at han er anspent under støyta. Han vil veldig mykje, men kjenner at han ikkje har heilt kontakt, sa trenaren.

Tokyo, Japan 20250913. 
Kulestøteren Marcus Thomsen under dagens øvelse  i VM i Tokyo lørdag.
Foto: Heiko Junge / NTB

Thomsen fekk ein dårleg start med to ugyldige forsøk.
Foto: Heiko Junge/NTB

Ryan Crowser frå USA vann finalen med beste resultat på 22,34 meter.

Marcus Thomsen har tidlegare i sommar sett norsk rekord med 21,23 meter.

Les meir om: artikkelemnene