Hot Wheels Infinite Rush tar dei små leikebilane ut frå soverommet, og ut i den store verda. I årets arkaderacer får vi servert fire vidt forskjellige øyer du kan reise mellom, alle store, opne og frie til å utforske som du vil. Meir enn berre litt inspirasjon har blitt henta frå Forza Horizon-serien, men med markante forskjellar.

Dette er Hot Wheels. Små leikebilar i metall som for mange born er utgangspunktet for å starte samlemani, som i beste fall kan vare livet ut.

I Hot Wheels Infinite Rush får vi leike oss som aldri før, i ei verd bygd av plast.

Drifting er kanskje det viktigaste du må lære deg.

Øystein Furevik/Gamer.no

Stor fridom har sin pris

Når eit spel byr på baner, er eg jamt over ein fan at eg får velge den eg vil ha og køyre den der og då. Det er mitt utgangspunkt. Sjølv om gode, gamle SSX 3 er eit av tidenes beste spel, vil alltid aller første SSX stå hakket sterkare i krus fordi eg berre kunne bla fram Elysium Alps og køyre den bana hardt når og om eg ville.

Som du skjønar er kanskje ikkje den opne verda i Hot Wheels Infinite Rush heilt etter min umiddelbare smak.

Det sagt, det fungerer bra. Vi får vår start på øya Wheelsworld og etter kvart som vi brynar oss på markerte utfordringar får vi reise til neste øy, og neste øy, heilt til vi har låst opp fire øyer, mange nye utfordringar, og ei endelaus mengde med moro.

For det er moro, å køyre rundt på desse øyene er som å sitje der i godt vaksen alder med ein liten bil av metall, lage brummelydar med leppene, og køyre denne bilen over eit leikeområde alle i klassen misunnar deg.

Alle.

Problemet er dette med at du må køyre til ting for å få tak i ting. Du finn ei utfordring på kartet, og så må du finne vegen dit, og det er ikkje alltid like lett. Øyene er svært kreativt og spanande utforma, når du berre er på oppdagingsferd og har all verda med tid. Når du har eit mål for auge kan det vere frustrasjon å spore når du igjen berre møter ein vegg i staden for ein fir veg mot målet.

Det tek deg aldri lang tid å finne fram, men det er eit ekstra, lite hinder som eg eigentleg kunne klart meg utan. Gi meg ein meny!

Frå kartet kan du finne nye utfordringar.

Øystein Furevik/Gamer.no

Her, ta ein meny!

Som for å himle med auga og klaske meg i trynet med opa hand, byr spelet på ein meny der du kan velje mellom alt du har låst opp. Ikkje berre det, frå Quick Race kan du velje fleirspelar med opp til fire spelarar på delt skjerm, eller du kan bla gjennom alle banene andre spelarar har laga. Om du vil spele på nett for litt større konkurranse kan du sjølvsagt også det.

Som tidlegare spel i serien kjem Hot Wheels Infinite Rush med ein banebyggar, og det er her eg har hatt mest moro. Ikkje med å bygge, sjølv om det har sin absolutte kreative verdi, men ved å prøve meg på dei vanvittige tinga andre spelarar har laga.

Mengda med loopar og ville berg- og dalbanevegar du kan ende opp med å suse gjennom i så høg fart at upresis køyring vil sende deg ut på det opne hav, er til å bli svimmel av. Eg elskar det. Det er denne galskapen eg er her for, og det er eigentleg litt for lite av den i spelet som du får det. Det ser uansett ikkje ut til at det er grunn til uro, for allereie før lansering har spelet eit solid utval av gratis, brukarskapt innhald.

Ved sidan av å lage baner kan du lage eller laste ned brukarkspate malejobbar til bilane, med og utan klistremerke, som du også kan lage sjølv for å gjere bilane dine eigne.

Bilar er det også nok av. Du låser dei opp etter kvart som du kjem deg gjennom utfordringar, eller du kjøper dei for gull du tener i løpet av spelet.

Det brukarskapte innhaldet startar bra.

Øystein Furevik/Gamer.no

Nydeleg køyrekjensle

Det er mange bilar i spelet, og alle kjem i ein av fire kategoriar. Ein er bygd for fart, ein for å drifte, ein for å ha kraft og boost, medan den siste dekker alle dei tre andre områda jamt.

Forskjellen på dei ulike typane er merkbar, men det som går igjen er at køyrekjensla er herleg, men tidvis krevjande. Du kan ikkje kome frå kva som helst anna spel og tru du kan spele dette på same måte. Skrensing er viktig, men her er eit lett trykk på bremsa nok for å ta ein heil sving i skrens. Ulike biltypar handterer ulikt, og det er gjerne hårfine forskjellar i korleis du skal gå fram. Nokre krev hardare styring enn andre, men det er noko ein kjapt utviklar ei kjensle for.

Du kan modifisere bilane med ulike oppgraderingar som kan gjere fart, aksellerasjon, drifting eller boost betre. Til dømes kan du gjere handteringa betre på ein bil som kanskje slit akkurat der, og etter kvart har du heile fire modifikasjonar du kan installere, noko som kan få mykje å seie.

Mykje å seie har òg presentasjonen. Dette er eit flott spel, sjølv om det kanskje ikkje vil sperre opp mange auge. Bilane er likevel nydeleg framstilt. Tjukk måling ligg over små detaljar, ingenting er plukka ut, og alt er gjort for å få det heile så autentisk som mogleg. Det er landskapa òg, med detaljar av plast du kan køyre gjennom, rive dei opp og få dei til å flagre i alle retningar.

Spesielt bra er også lyden, eg synest lydbiletet i dette spelet er fenomenalt. Motorlyd blir kombinert med lyden av plast i ulike former på ein måte som er leiken og herleg. Saman med ei variert og flott samling musikk i dei fleste sjangrar har utviklarane hos Milestone skapt noko skikkeleg bra.

Det finnest eit mylder av bilar å velje mellom, inkludert mindre praktisk design.

Øystein Furevik/Gamer.no

Konklusjon

Hot Wheels Infinite Rush er eit flott, underhaldande og moro racingspel med fokus på dei små ting, og då meiner eg små bilar. Det er eit mylder av små bilar i dette spelet som du kan låse opp, samle, og køyre rundt som ein villmann på fire øyer fulle av utfordringar.

Akkurat det kan ein bli litt lei av, men om ein når det punktet er dette eit spel med potensiale for å by på uendeleg med moro. Ein veldig god banebyggar gjer det mogleg å lage nærast kva som helst, og det er mange spelarar allereie godt i gong med.

Eg har hatt mykje moro med Hot Wheels Infinite Rush, men mest moro har eg hatt med å bryne meg på den galskapen andre spelarar er i stand til å finne på.

Hot Wheels Infinite Rush kjem i sal på PlayStation 5, Switch 2, Xbox Series S/X og Windows 10. september.