Like etter klokka 18 søndag kveld meldte politiet om ei trafikkulykke i Volda.

Det er to personar involvert i ulykka, og den eine er no sendt med luftambulanse til Haukeland sjukehus i Bergen.

Den andre personen blir frakta med ambulanse til sjukehus.

Fylkesveg der ulykka har skjedd ghar vore stengt, men er no open att.

– Den eine personen vurderte vi til å sende med luftambulanse til Haukeland, seier operasjonsleiar i politiet, Mona Kvernberg.

I ei oppdatering klokka 19:21 opplyser ho at personen er alvorleg skadd.

Det var eitt involvert køyretøy, og ho ville ikkje seie noko om kva dei trur er årsaka bak ulykka.

Køyretøyet skal vere eit terrengkøyretøy.

Publisert

06.09.2026, kl. 19.25

Oppdatert

06.09.2026, kl. 19.55