Ein trailer har fått i hol på dieseltanken etter å ha køyrd i eit skilt ved Trengereidtunellen i Vaksdal.

Om lag 500 liter diesel har rent ut og ligg i vegbana.

Vegtrafikksentralen har stengt både Stavenes- og Trengereidtunellen.

– Vi er på veg til staden, skriv politiet klokka 19.18.

– Det er lange køar på staden, opplyser Thor Andrê Snekkevik i Vegtrafikksentralen.

– Det har rent ut diesel om lag i 1 km i vegbana, så det er snakk om ganske store mengder.

Entreprenør, politi og brann er på staden og jobbar med å rydde opp.

Kor tid vegen kan opnast att er uvisst. Omkøyring er Hardangervegen fv. 49 og via Kvamskogen.

Like før klokka 21 går det føre seg framleis opprydding på staden. Trafikken blir dirigert forbi i eitt køyrefelt.

– Vi oppfordrar publikum til tolmod og følge avvisningane frå dirigentar på staden, skriv Misje.