– Det blir veldig vemodig, det er det ingen tvil om, slår han fast.

Som så mange andre i tida sidan kongen gjekk bort, har Bøe vore på Slottsplassen og lagt ned blomar. Havet av blomar, lys og helsingar veks stadig, og slottsgartnarane ryddar kontinuerleg. Alle helsingar og små gåver blir tekne vare på.

Heilt sidan det blei klart at kong Harald var alvorleg sjuk, har folk strøymt til Slottsplassen med blomar, lys og helsingar. Her frå søndag kveld.
Foto: Heiko Junge / NTB

– Det å sjå det blomehavet der, det formidlar sitt heilt eige kjærleiksspråk om kva han har betydd for oss alle. Det er vemodig at han er borte, og det å vere med i gravferda hans trur eg blir sterkt og fint, seier Bøe.

Erlend Svardal Bøe har hatt vore glad i kongefamilien sidan oppveksten.

– Då eg gjekk på Torvmyrane skule var eg ein sånn som sende masse brev til slottet, fortel han, og hugsar at dei gongane han fekk svar viste han fram bilda og breva han fekk. 

– Det var veldig stas å få svar, og desse minna ligg lagra heime hos far min i Botnaholten, smiler han. 

Og onsdag klokka 13 skal kong Harald V bisettast frå Oslo domkirke, etter eitt minutts stillheit over heile landet. I kyrkja vil både familien til kongen og heile det offentlege politiske Norge med Storting, regjering og høgsterett sitte benka saman med kongens vener og mange utanlandske statsoverhovud og gjestar. I tillegg vil det vere mange, mange tusen menneske ute i gatene for å vise si respekt for kong Harald for siste gong.

– Det omfattande opplegget og talet på menneske fortel igjen kven vi har mist, og kva betydning han har hatt. Vi tek ikkje berre farvel med eit statsoverhovud, men også eit menneske som har betydd mykje. Familien har ikkje berre mist ein konge, men også ein elska ektemann, pappa og bestefar. Så det blir veldig spesielt å vere med, trur han.

Den 2. oktober vil kong Haakon VIII føreta den høgtidelege opninga av det 171. stortinget. Det blir første gongen han gjer det.

– Desse dagane vi er i no, er utruleg spesielle. Når ein konge går bort, set det i gang ei mengd prosessar knytte til demokrati og kongehus. Det er sorg og tristheit, men samstundes skal samfunnet og landet gå vidare inn i ei ny tid og ein nye epoke.