Ein person fekk eit yrkestransportgebyr på 60.000 kroner etter å ha blitt tatt inn til kontroll ved Bergsøy Kontrollstasjon i Gjemnes. Gebyret fekk transportøren fordi han ikkje hadde løyve til å drive transport. Det melder Statens vegvesen.
I alt 27 tunge køyretøy blei kontrollerte, der sju av dei blei tatt med inn for ein utvida kontroll.
Vegvesenet opplyser at ein varebil var 200 kilo for tung og måtte laste av før vedkomande fekk køyre vidare.
Ein anna førar hadde ikkje montert fartsskriv og blir meldt for dette. Medan ein sjåføre blir meldt fordi personen køyrde utan fartsskrivarkort, sjølv om det er krav til det.
Fire førarar fekk også åtvaring etter køyre- og kviletidsreglane, melder Vegvesenet.