Det var fredag ettermiddag at naudetatane ut til Holsnøy etter melding om ei fallulykke.

Bakgrunnen for ulykka blei opplyst å vere at ein mann fall ned frå eit stillas, medan han arbeidde på sitt eige hus.

Det blei forsøkt livreddande førstehjelp, men livet var dessverre ikkje mogleg å redde, opplyste politiet fredag.

Dei pårørande var på det tidspunktet ikkje varsla.

Måndag stadfesta politistasjonssjef i Nordhordland, Julie Ekeland, til BT at dei pårørande er varsla om dødsfallet.

Politiet i Nordhordland har måndag ikkje svart på NH sine førespurnader om saka.