Saka oppsummert:

  • Eit amerikansk missilsystem var i Noreg under øvinga «Operation Atlantic City» på og rundt Jan Mayen.
  • Systemet var i bruk i nokre timar under øvinga, men blei oppbevart i landet i om lag ei veke.
  • Russland kritiserer Noreg og fordømmer det amerikanske missilsystemet som var innom landet.

Under øvinga «Operation Atlantic City» blei eit amerikansk missilsystem floge til Værnes i Trøndelag.

Systemet var i bruk i eit par timar under sjølve øvinga som fann stad på og rundt Jan Mayen.

Men missilsystemet blei oppheldt i ein container i rundt ei veke, før det blei floge ut av landet.

Det reagerer Russland på.

To soldater i uniform går i et steinete og øde landskap. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Ein amerikansk og ein norsk soldat saman under øvinga på Jan Mayen.

Foto: Se Potion

– Sjølvsagt kan ein slik militær oppbygging, som er retta mot vårt land, Russland, ikkje anna enn å bli oppfatta som ein trussel mot Russlands tryggleik.

Det seier Dmitry Peskov, pressesekretær for Russlands president Vladimir Putin, til det russiske statlege nyheitsbyrået RIA.

– Og dette er ein grunn til å sette i verk ytterlegare tiltak for å sikre vår tryggleik, legg han til.

Vladimir Putin sitter ved et bord mens Dmitrij Peskov lener seg frem for å snakke med ham. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Dmitry Peskov saman med Vladimir Putin i Tadsjikistan tilbake i 2025.

Foto: Grigory Sysoyev / Pool Sputnik Kremlin,NTB

– Stor interesse for nordområda

Den norskleia øvinga fann stad i månadsskiftet august-september, og er del av Natos Artic Sentry.

– Hensikta var å demonstrere at ein hurtig kan mobilisere og fly inn eit slikt system kor det måtte vere i verda, seier Jonny Karlsen, talsperson ved Forsvarets operative hovudkvarter.

Karlsen meiner at hendinga ikkje er uvanleg, ettersom norske styrkar jamleg øver saman med allierte.

Militære kjøretøy i et grått stein-landskap.

Militære køyretøy på Jan Mayen.

Foto: DEPARTMENT OF DEFENSE / EBU

– Noreg arrangerer mange øvingar gjennom heile året, og det er stor interesse for nordområda, seier Vegard Finberg, kommunikasjonssjef ved Forsvarets operative hovudkvarter.

Finberg understrekar at det er opp til nasjonane kva dei ønsker å teste under øvingane, basert på kva øvingsmål militæret har.

NRK har vore i kontakt med det norske utanriksdepartementet, som ikkje vil kommentere saka.

Oppdateringar om Russland kan du lese her:

– Oslo tar alvorlege risikoar

Russland fordømmer det amerikanske missilsystemet som var i Noreg, og er kritiske til Natos auka nærvær i nordområda.

Det at Nato sine langtrekkande våpensystem nærmar seg den russiske grensa er ein trussel mot landets tryggleik, seier Nikolay Korchunov, den russiske ambassadøren, til den russiske avisa Izvestia.

Russlands ambassadør, Nikolay Korchunov ut i ambassadens hage uten briller som ser til siden

Nikolay Korchunov er kritisk til Nato sitt nærvær i nordområda.

Foto: Daniil Thorkild Ryvænge / NRK

– Ved å oppmuntre til opptrapping av spenningar og utplassere våpen retta mot Russland på sitt territorium, tar Oslo alvorlege risikoar, seier Korchunov.

Peskov understrekar at det russiske forsvarsdepartementet og «andre relevante tenester» jobbar med ytterlegare tiltak for å sikre Russland sin tryggleik.

NRKs korrespondent i Russland om dei russiske reaksjonane:

Forventa kritikk

Det er «ikkje overraskande» at Russland kritiserer missilsystemet som var i Noreg, ifølge Julie Wilhelmsen, forskar ved Nupi og leiar for Forskingsgruppa for Aust-Europa og Asia.

– Krigen i Ukraina har eskalert den siste tida og del av mønsteret er at Ukraina har kunna råke langt inne i Russland, til dels med støtte frå Nato-land, seier Wilhelmsen.

Soldat i kamuflasjeuniform betjener en militær radio med en brun hanske. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Ein soldat set opp eit kommunikasjonssystem under øvinga i nord.

Foto: DEPARTMENT OF DEFENSE / EBU

Det er ikkje noko nytt at Russland kritiserer amerikanske militære installasjonar og system i nærleiken av grensene deira. Spesifikt i Noreg som med sjølvpålagde restriksjonar har avgrensa amerikansk nærvær, ifølge Wilhelmsen.

– Russland sin påstand er at Nato i aukande grad fører krig mot Russland via Ukraina, seier ho.

Kvinne med brunt hår i mørk dressjakke står foran bilderammer på en vegg. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Julie Wilhelmsen er ikkje overraska over kritikken som kjem frå Russland.

Foto: Heiko Junge / NTB,NTB

Skipsarrest på Svalbard

I førre veke blei det russiske fartøyet «Professor Moltsjanov» tatt i arrest på Svalbard av norske myndigheiter.

Arresten skjedde etter pålegg frå Nord-Troms og Senja tingrett. Saka i rettsvesenet er mellom ein privat part og Russland.

Domsavsigelse i Haag

Arrestasjonen av skipet «Professor Moltsjanov» føyer seg inn i en rekke av lignede saker de siste årene.

Kravet om arrestasjon stammer fra en domsavsigelse i Haag i 2023. Russland ble da pålagt å betale erstatning til det ukrainske selskapet Naftogaz. Erstatningen skulle være for tapte eiendommer på det russisk okkuperte Krym.

Med bakgrunn i avgjørelsen i voldgiftsdomstolen i Haag, har Naftogaz brukt rettssystemet i flere land for å få erstatning.

I flere land er det enten allerede tatt arrest, eller så er prosessen mot dette i gang.

  • Finland har tatt arrest i fryste midler.
  • Frankrike har fryst midler som Naftogaz kan få.
  • I to eiendommer på Svalbard er det tatt såkalt utlegg.
  • Norge har tatt arrest i et russisk skip.

I tillegg har flere land godkjent at Naftogaz kan bruke rettssystemet til å innkreve erstatning. Dette gjelder:

  • Nederland
  • Storbritannia
  • Østerrike

I USA foregår det også flere rettsprosesser.

Noreg er ikkje part i saka.

Putin omtala hendinga som «statsterrorisme», og russiske myndigheiter varsla at dei vil overlevere ein formell protest for å få sett skipet fri.

Les meir om hendinga på Svalbard:

Samtalar om fred

Det har også nyleg vore samtalar om fred i Russland og Ukraina med USAs spesialutsendingar Steve Witkoff og Jared Kushner.

Etter møtet mellom spesialutsendingane og Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj søndag formiddag, blei det klart at det vil komme fleire møte framover.

USA jobbar med ein fredspakke, og ønsker å få til eit møte med både Ukraina og Russland til stades.

Putin er positiv til det amerikanske samarbeidet, men er understrekar på at situasjonen mellom landa er vanskeleg.

Interessert i det som skjer i verda? Høyr podkasten til Urix:

Publisert

07.09.2026, kl. 22.45