1180 personar fekk statsborgarskap i Møre og Romsdal i 2025, frå til saman 86 ulike land. Laurdag 6. september var nye statsborgarar frå kommunar på Nordmøre og i Romsdal inviterte til seremoni i Kristiansund.
Blant dei var Kattia Mathe Majoro og broren Josue Mathe Majoro.
– Mora mi anbefalte oss å bli med på statsborgarseremoni, fortalde Kattia på veg inn.
Mannen hennar, Arnold Adukule, og borna Ariella og Marilynn var med som gjestar. Kattia og Josue er frå Kongo, medan Arnold er frå Uganda.
– Vi kjenner på glede og stoltheit over å vere her i dag, sa Kattia.
Det går fram i ei pressemelding frå statsforvaltaren i Møre og Romsdal.
Rom for både feiring og minne
Årets seremoni fann stad i ei tid prega av sorg etter H.M. Kong Harald V sin bortgang. Det vart derfor halde eitt minutts stillheit, og «Kongesangen» vart framført.
– Vi valte å gjennomføre denne dagen fordi vi meiner at det er i Kong Harald si ånd. Han ville likt at vi inviterte til fest for å feire at de no er ein del av det Noreg som han gav alt for, og som han elska, sa statsforvaltar Else-May Botten.
Ho oppmoda dei nye statsborgarane til å bruke stemmeretten og engasjere seg i lokalsamfunna.
– Eitt nytt kapittel i livet dykkar startar i dag. No bur de ikkje berre i Noreg. No er de ein del av Noreg.
Sunndal og Tingvoll representert
Ordførar i Smøla, Svein Roksvåg, var gjestetalar.
– De som er samla her i dag, bidreg med erfaring, språk, tradisjonar og perspektiv. Dette styrkar Noreg. Mangfald gjer oss rikare.
Også Sunndal og Tingvoll var representerte under markeringa. Ordførar Ståle Refstie frå Sunndal og ordførar Ingrid Waagen Rimstad frå Tingvoll deltok, og blant dei nye norske statsborgarane var det folk frå begge kommunane.
Roksvåg gratulerte dei nye statsborgarane på vegner av kommunane.
– Vi gler oss til å ha dykk i nabolaget, som medborgarar, kollegaer, vennar og samfunnsbyggarar.
– Det ordnar seg
Frå Smøla deltok familien Nicolai frå Tyskland. Mor i familien, Simone Nicolai, fortalde at ho og mannen ofte ferierte i Noreg då dei var unge.
– Vi var einige om at vi skulle flytte hit då vi var pensjonistar. Men tilfeldigheiter gjorde at det skjedde lenge før, og no har vi budd her i 20 år.
– Vi forelska oss i den norske naturen, men mest av alt i folket. Vi har møtt så mange imøtekommande, hyggelege og hjelpsame menneske på vår veg – og spesielt på Smøla.
Ho trekker fram eitt norsk uttrykk familien har blitt spesielt glad i:
– Det ordnar seg!
Lova truskap
Dei nye statsborgarane gjekk opp på scena kommune for kommune, der dei fekk rose og bok. Deretter framførte dei truskapsløftet:
«Som norsk statsborgar lover eg truskap til mitt land Noreg, og det norske samfunnet. Eg støttar demokratiet og menneskerettane og vil respektere Noregs lovar.»
Seremonien vart avslutta med nasjonalsongen, før det vart kaffi, kake, is og brus.
Laurdag 5. september vart det også halde seremoni i Ålesund for nye statsborgarar frå kommunar på Sunnmøre, i Rauma og på Vestnes.