Rundt klokka 15 tysdag ettermiddag blei kong Haakon, dronning Sonja, kronprinsesse Ingrid Alexandra og prins Sverre Magnus observert på veg inn i Oslo Domkirke.

Inne i kyrkja blir det gjort klart til gravferda til kong Harald, som skal gå føre seg der onsdag.

Om lag ein halvtime seinare kom familien ut frå kyrkja, og blei køyrde bort i bilar.

Kom i finstasen

Blant dei som fekk med seg at kongefamilien var på synfaring i domkyrkja tysdag ettermiddag, var Torild og Hans Sundsvalen frå Nordagutu i Midt-Telemark.

Dei starta turen inn til hovudstaden 05.30 tysdag morgon.

Ikledd bunad defilerte Torild båra til kong Harald, før dei tok turen til Oslo Domkirke.

– Eg hadde bestemt meg for at når vi skulle inn i dag i Slottskapellet, skulle eg ha på meg det finaste eg hadde. Det er bunaden som mi mamma har sydd.

Kvinne i norsk bunad står på en travel bygate med fotgjengere i bakgrunnen. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Bunaden blei eit naturleg val for Torild Sundsvalen då ho skulle heidre kong Harald tysdag.

Foto: Lars Martin Hunstad / NRK

For henne har kongen vore ein viktig figur.

– Vi må prøve å leve på ein sånn måte som han har fortalt oss korleis vi skal vere mot kvarandre. Vi skal vere rause mot kvarandre og akseptere forskjellar, seier ho.

– Han var ein eineståande føregangsmann når det kjem til korleis vi skal behandle kvarandre, legg ho til.

Kvinne i bunad og mann i svarte klær står foran Oslo domkirke. Norske flagg i bakgrunnen. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Torild og Hans Sundsvalen fekk eit kort glimt av kongefamilien utanfor Oslo Domkirke tysdag.

Foto: Lars Martin Hunstad / NRK

Hans har sjølv møtt kongen, og skildrar han som eit samlingspunkt.

Utanfor domkyrkja fekk dei synet av kongefamilien som var på veg ut av kyrkja.

– Det var fantastisk og heilt tilfeldig at vi såg kongefamilien, seier Hans.

– Eg fekk sett litt av dei, seier Torild.

Tok farvel med fiskekompisen

Det var mange kjensler i sving då Hans Kristian Kjeldsberg defilerte ved kong Harald si båre.

Kjeldsberg kjente kongen frå dei mange fisketurane han hadde i Altaelva.

– Det var sterkt. Då vi kom ut derifrå, måtte vi halde rundt kvarandre og då kom tårene, seier han til NRK.

For altaværingen var besøket i Slottskapellet eit punktum for det langvarige vennskapet.

– Vi var så gode vennar, og eg såg fram til når han kom opp til elva kvart år for å fiske. No er det slutt, ein epoke er over. Så eg måtte ned hit.

Sjå dei unike bileta frå Altaelva her:

Karianne Johansen, styreleiar i Alta Laksefiskeri Interessentskap, defilerte saman med Kjeldsberg. Også ho kjente kongen.

– Det var greitt fram til vi skulle gå ned trappa og inn i kapellet. Då kjente eg klumpen i magen og tårene byrja å trille, seier Johansen om opplevinga.

Kongen har fiska i Alta i over 50 år. Hans siste fisketur i nord var i fjor.

Kjem frå Spania

Fire spanske venninner har tatt turen til Oslo for å få med seg gravferda i morgon.

Gravferda til den norske kongen er den tredje store gravferda dei reiser på tur frå Spania for å få med seg.

Den førre gravferda dei fekk med seg, var gravferda til pave Frans. Før det var kvinnene i England etter dronning Elizabeth sin bortgang.

– Det er ein hobby, seier Gemma Masnou, som er glad i dei kongelege.

Publisert

08.09.2026, kl. 16.31

Oppdatert

08.09.2026, kl. 17.15