Sidan storbrannen i Ålesund har politiet gått gjennom teledata, dei har tatt vitneavhøyr og brannåstaden er undersøkt, i tillegg til andre etterforskingsskritt. Men seks månader etter veit politiet framleis ikkje kva som starta brannen.
– Brannen starta på Tueneset, ikkje så langt unna Atlanterhavsparken, men etterforskinga har ikkje gitt oss nokon klare svar på kva som er brannårsaka, seier politiadvokat Christine Skarbø Berglund.
Politiadvokat Christine Skarbø Berglund i Møre og Romsdal politidistrikt.
Foto: Øyvind Sandnes / NRK
Politiet har heller ikkje bevis som kan knytast til ein eventuell gjerningsperson.
– Etter ei samla vurdering vert no saka lagt bort på grunn av ukjend gjerningsperson. At vi legg bort saka inneber dermed ikkje at saka er fullt ut avklart, men at det på noverande tidspunkt ikkje finst tilstrekkeleg grunnlag for å kome vidare i etterforskinga.
Samtidig vektlegg Berglund at politiet kan kome til å ta opp igjen saka dersom det kjem nye opplysningar på eit seinare tidspunkt.
– Dersom det skulle dukke opp nye opplysningar i etterkant, gjennom tips eller liknande, så kan politiet fritt ta opp igjen saka til etterforsking.
Nær 300 evakuerte
Til saman 292 personar vart evakuerte frå heimane sine i halvanna døgn medan brannmannskapa kjempa mot flammane i terrenget 17. mars og 18. mars i år.
Det var ei stund fare for at brannen skulle spreie seg til fleire hus på Hessa i Ålesund.
I brannen var til saman 800 000 kvadratmeter terreng i brann, noko som kravde stor innsats av mannskap og samarbeidspartnarane til brannvesenet.
Det var store område på Sukkertoppen som brann, fortalde brannsjef Sindre Egeness.
Foto: Remi Sagen
– Vi er nær brestepunktet i forhold til kva vi kan klare å handtere, sa brannsjef Sindre Egeness i Ålesund til NRK 19. mars.
Har undersøkt samanheng med andre brannar
Politiet har undersøkt om brannen kan sjåast i samanheng med andre brannar på Sunnmøre. I Sula kommune etterforskar politiet fleire hyttebrannar.
– Det er naturleg når ein har fleire brannar, også større brannar, at ein undersøker om det er ein samanheng. Slik vi har etterforska saka så er det ingenting som har dukka opp som gjer at vi for eksempel kan setje saka i forbindelse med brannane på Sula, seier Berglund.
Brannen på Sukkertoppen starta i området her ved Atlanterhavsparken. Alarmen gjekk 17. mars på ettermiddagen
klokka 14.16.
Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK
Ønsker å oppklare kvar sak
Politiadvokaten seier dei sjølvsagt har eit ønske om å oppklare kvar sak, men at det ikkje er uvanleg for politiet at dei ikkje løyser alle saker.
– Vi har gjennomført ei grundig og god etterforsking så vi kjenner oss trygg på at å legge bort saka er det som er riktig utifrå det etterforskinga har gitt oss no, seier Berglund.
Publisert
08.09.2026, kl. 10.56
Oppdatert
08.09.2026, kl. 13.52