NATIONEN: – Er du på biljakt, bør du sjekke pris og leveringstid no, seier Nils Sødal, senior kommunikasjonsrådgivar i NAF.
I statsbudsjettet for 2026 vart det bestemt å starte nedtrappinga av elbilfordelen på meirverdiavgift. Ved nyttår tredde den nye momsgrensa i kraft, og heile summen over 300 000 utløyser moms.
– Vi har hatt som mål at alle nye personbilar skal vere elektriske i 2025, og med ein elbildel på 95 prosent i år kan vi seie at målet i praksis er nådd. Difor er tida moden for å fase ut fordelane, sa finansminister Jens Stoltenberg (Ap) i fjor.
Elbildelen av det norske nybilsalet nådde ein ny rekord på 98,7 prosent i august 2026.
Heilt borte i 2028
Ved nyttår vert grensa halvert nok ein gong, og heile summen over 150 000 utløyser moms, før heile momsfritaket vert fjerna i 2028.
– Det er verken bra for miljøet eller statsfinansane å støtte kjøp av nye personbilar framfor anna forbruk. Vi føreslår difor i første omgang å redusere støtta før ho vert fasa heilt ut. Dette vil gi oss høve til å prioritere å redusere andre skattar og avgifter, sa finansministeren.
Ifølge NAF kan prisane på enkelte av dei mest populære bilane auke med så mykje som 40 000 kroner ved nyttår.
– Skal du kjøpe ny bil, kan det vere mykje å spare på å få bilen registrert før nyttår. Difor bør du sjekke både pris og leveringstid no. For det er tidspunktet bilen vert registrert som avgjer kor mykje moms du må betale, forklarer Sødal.
https://services.api.no/api/goodvibes/v1/components/6557441f-25b0-48d0-a242-99f16e6024a3
Kan måtte sjå etter alternativ
Han peikar på at ikkje alle billeverandørar kan klare å levere før nyttår, og at enkelte som vil spare pengar kanskje bør vurdere alternativ.
– Det viktigaste er at du finn ein bil som passar behova dine. I tillegg har mange eit par favorittmerke. Men er du oppteken av å spare pengar og favorittane ikkje kan levere før nyttår, gjer du lurt i å sjekke andre merke også, seier NAF-rådgivaren.
NAF undersøkte prisane på 26 bilmodellar i januar i år og såg om nokon av bilimportørane hadde valt å kompensere for momsauken. Berre åtte av 26 valde å gjere dette.
– Dette viser at vi må rekne med at dei aller fleste bilmodellane vil få prisar som stig tilsvarande momsauken i januar, seier Nils Sødal.
Fryktar ikkje meir fossilbil
Då Stoltenberg varsla innfasing av moms på alle elbilar i fjor, var han ikkje redd for at elbildelen skulle gå ned.
– Elbildelen vil framleis vere godt over 90 prosent med regjeringas forslag. Sjølv om auka meirverdiavgift på nullutsleppsbilar isolert sett trekkjer i retning av fleire fossile bilar, vil det motverkast av auka eingongsavgift og auka drivstoffavgifter for fossilbilar. I tillegg tilseier utviklinga i elbilmarknaden at behovet for støtte minkar, seier finansministeren.
Avgiftene på drivstoff har vore eit stort tema i 2026. Då USA angreip Iran i februar førte det til kraftig auke i prisane på bensin og diesel. Som eit grep valde Stortinget å kutte i avgiftene på drivstoff fram til 1. september. Då denne vart innført att, førte dette til ny eksplosjon i prisane.
– Fleire stader ser vi også at prishoppet frå i går til i dag er høgare enn det avgiftene tilsvarer i kroner og øre, sa Ingunn Handagard, pressesjef i NAF 2. september.
– Vi er bekymra for at prispresset held fram, allereie no ligg prisane tett opp mot 30 kroner literen og vi fryktar at vi raskt ser prisar over 30 kroner, held ho fram.