Klokka 11.45 vart det starta ein redningsaksjon i Aurlandsdalen etter at ein innringar skal ha høyrt fleire rop om hjelp, og vidare varsla naudetatane.

Det er no ressursar på veg, melder operasjonssentralen i Vest politiditrikt.

Klokka 12.55 kom forklaringa.

Ropinga kom frå ein sauesankar som hadde ropt etter dyra sine. Det var altså ingen personar i naud, og operasjonen vart avslutta.

Les meir om: artikkelemnene