Redaktør Ole Petter Pedersen i Europower og analysesjef Tor Reier Lilleholt i Volue Insight er samde om at prisane vil stige kraftig framover.

Samanlikna med normalt manglar Norge vatn tilsvarande rundt 16 terawattimar straum i magasina. Det tilsvarar straumforbruket til omtrent 800.000 hushaldningar i eitt år.

Det er venta svært høge prisar i dei fire sørlegaste kraftområda, medan Nord-Norge kan bli unnataket.

– Vinteren kan bli dyr for dei bedriftene som verken har fastpris eller er omfatta av støtteordningar, seier Pedersen til nettstaden FriFagbevegelse.

Årsaka er at Europa har somla med å fylle eigne gasslager. Kraftmarknaden fungerer slik at gass avgjer prisen, forklarar Pedersen.

Næringslivskundar i Sør-Norge og Midt-Norge har mest å frykte. Store delar av næringslivet er ikkje skjerma mot dei stigande straumprisane.

– Når bedrifter tener mindre, kan det i verste fall bety at dei må permittere folk eller skrinleggje planlagde nyansettingar, seier Pedersen.

Private hushaldningar vil mest sannsynleg ha moglegheiter for gunstig norgesprisavtale også til vinteren, medan industrien ofte har langsiktige avtalar allereie.

– Sjølv om vi har rekordlåge magasinfyllingar, har vi ingen energikrise i Norge, poengterer Lilleholt.