Da gjekk spelemannslag, norske hesterasar og bunadstoget frå Dyrskuporten og inn på Fjoset. Det var nok 80-100 bunader totalt. Regnet heldt seg vekk under paraden, men det dryppa litt etter at dei kom fram til Fjoset, får TA opplyst.

Levande del

Bunader er ein levande del av norsk kulturarv og symbol på tradisjon, lokal identitet og handverk. Såleis passa toget godt inn på Dyrsku`n. I år er den ekstra aktuell sidan bunadsbruken nyleg blei teken opp som immateriell kulturarv på verdsarvlista til UNESCO. Alle i bunad kom gratis inn denne dagen.

Les mer om: artikkelemnene