Politiet, frivillige, sivilforsvaret, Røde Kors og forsvaret er mobilisert i søket, som inkluderer drone, helikopter og hundepatrulje.

Basen for leitinga er ved golfbana på Fløksand.

– Status no er at me har hatt mykje mannskap i søk utover dagen. Me har så langt ikkje gjort noko funn av interesse, seier innsatsleiar Tom Johannessen.

Han seier dei kjem til å fortsette utover kvelden til det blir mørkt. Enkelte mannskap skal leite i natt, medan fleire fortsett søket i morgon tidleg dersom det ikkje har skjedd noko nytt i saka.

– Me har teke utgangspunkt i nabolaget til den sakna, men også andre stader som kan vere aktuelle.

Basen for leiteaksjonen er på golfbana på Fløksand. Her er det fleire frivillige og organisasjoner som er samla.
Foto: Synnøve S. Hefte

Johannessen seier at brannvesenet søkjer i vatn, men også redningshelikopter og dronar har blitt brukt.

– Det er eit utfordrande søksområde mange stader med tett vegetasjon, noko som gir dårleg sikt frå lufta.

I løpet av kvelden skal søket fortsette til fots.

Stiller med telt og varme

Nokon av dei som er med på leiteaksjonen er sivilforsvaret.

Mathilde Ypsøy, som er leiar for sivilforsvaret i avdeling Alver, seier at dei fekk innkalling frå politiet klokka åtte om morgonen.

Leiar for sivilforsvaret i avdelinga Alver, Mathilde Ypsøy seier dei gir seg for dagen.
Foto: Synnøve S. Hefte

– Me har gjort ein kjempegod innsats i dag og heldt på ganske lenge, men me gir oss for i dag.

Det er tjue mannskap som har vore med på leitinga. I tillegg til å hjelpe til med søk i terrenget, har dei også stilt opp med telt og varme for alle som har vore med på leiteaksjonen.

– Om politiet treng bistand i morgon også, stiller me om det er behov for det.

Les også

Eldre mann sakna på Holsnøy: – Politiet har sett i verk redningsaksjon