– Vi har enno ikkje funne vedkommande. Vi leitar framleis i dei områda der han blei sist observert rundt Bjørndal, seier innsatsleiar Sindre Erstad til NH rundt klokka 08:15 fredag morgon.

Seint torsdag kveld melde politiet at dei i samråd med Hovudredningssentralen hadde sett i gang ein redningsaksjon, etter at ein eldre mann var meldt sakna på Holsnøy.

Både politi og frivillige har i natt deltatt i søket.

Innsatsleiar Sindre Erstad i politiet.
Foto: Ole Jacob Riise Strønen

Ønsker tips

I ei oppdatering klokka 03:32 natt til fredag gjekk pårørande, i samråd med politiet, ut med skildringar av den sakna mannen.

Det blei då opplyst at mannen var rundt 90 år gammal, iført mørk bobleanorakk og støvlar.

Fredag morgon har pårørande og politiet også bestemt seg for å opplyse allmenta om at det er Erling Bjørndal (90) som er sakna.

– Vi ønskjer sjølvsagt tips om nokon har sett ein mann som passar skildringa eller ein som dei kjenner frå før. Han var ute og gjekk i området Bjørndal torsdag kveld eller i natt.

Politiet ønskjer tips til telefonnummera 112 eller 02800.

Røde kors-bilane parkerte utanfor klubbhuset til Meland Golf i pøsregnet fredag morgon.
Foto: Ole Jacob Riise Strønen

Håpar på friske ressursar

Fredag morgon forklarar Erstad at politiet og Røde Kors leitar i området rundt Bjørndal og suksessivt utover derifrå.

Det er ikkje tenkt at den sakna mannen er å finne i området rundt Meland Golf sjølv om det er her Røde Kors held base medan dei leitar.

Erstad forklarar at dei har hatt store ressursar i sving i løpet av natta.

– Vi har søkt med dronelag, med helikopter, med båt, med vasscooterane til Røde Kors, hundeekvipasje frå politiet og Røde Kors sine redningshundar og ATV-ar. Det er mykje som har vore mobilisert!

Erstad fortel at ein del av dei måtte avlyse seg sjølve då morgonen nærma seg.

– No håpar vi på nye friske ressursar i morgontimane.

Fredag morgon har politiet og Røde Kors vore i møte om redningsaksjonen.
Foto: Ole Jacob Riise Strønen

Erstad fortel at sivilforsvaret og heimevernet har blitt varsla om redningsaksjonen, og at politiet no ventar på svar om dei kjem til å bidra.

Tidlegare i søket har eit redningshelikopter vore i sving. Det er venta tilbake igjen fredag.

– Eit dronelag er også på veg tilbake hit. Vi prøver å halde fram leitinga med full styrke denne dagen også.

Sivilforsvaret reiser ut

– Søket har pågått gjennom natten – så langt utan resultat.

Det skriv operasjonsleiar i Vest politidistrikt Dan Erik Johannessen i ei oppdatering fredag morgon klokka 09:44.

Johannessen legg til at søket held fram med hjelp av frivillige som søker med hund, drone og søkemannskapar.

– Redningshelikopteret er på veg tilbake inn i området. Sivilforsvaret er også på veg med mannskapar for å hjelpe til i søket.

Politiet ber no bebuarar i området om å sjekke garasjar og uthus.

NH kjem tilbake med meir.