I den nye viltressurslova som tredde i kraft i sommar vart bruk av på våpen forbode i hjortejakta.

Kommunane sjølve kan likevel opna opp for bruka av denne teknologien, og naboane Eidfjord, Ulvik og Kvam har alt ei slik forskrift ute på høyring.

Dei grunngav ynska om å ta i bruk termisk sikte med at hjortestamma er for høg, og sørgjer for skadar i frukthagar, innmark og skog. 

Då Hordaland skreiv om det omstridde verktøyet i starten av september, trudde viltforvaltar Ingmar Slettemark at ein tidlegast kunne opna opp for bruk av dette i Voss herad i 2027. 

Saka må nemleg opp til politisk handsaming.

Mykje nytta før forbodet

Samson Hamre (Sp) ville det annleis, då han tok opp temaet i ein interpellasjon i torsdagens heradsstyremøte.

Han peikte på at Voss herad har ein stor hjortebestand og eit aktivt hjortejaktmiljø, og at termisk sikte har vore mykje nytta dei siste åra.

Hamre bad vidare om at politikarane fekk opp ei sak om bruk av termisk siktemiddel på hjortejakt på Voss så snart som råd.

– At ein ikkje rekk jaktstart i 2026 betyr ikkje at dette ikkje kan innførast i jakta 2026 når saka er avklara i heradsstyret, lydde vurderinga hans.

– Hjorten kjenner ikkje kommunegrenser

Han kom med fleire årsaker til å få opp ei sak i ekspressfart.

Hamre grunngjev, som nabokommunane, med at hjortebestandane i somme delar av heradet vil gjera store skadar på beiter, frukthagar og innmark, men viser også til at saker frå regjeringa bør handterast fortløpande og ikkje verta utsette.

LEVER FARLEG: Varmesøkjande utstyr, både handhalde og som sikte på geværet, gjer det enklare å spora opp hjortar. Illustrasjonsfoto av 12-tagga hjort på Bolstad. Har aldri før felt så mange dyr, trur meir effektivt utstyr spelar inn: – Det er så rått Aldri før har jegerane i Voss herad felt så mange hjortar som i 2023/24. Den nye rekorden lyder på 1039 dyr, og dette er 38 fleire enn rekorden frå i fjor.
Foto: Sveinung Klyve

Sp-politikaren peiker også på at hjortebestanden i nærliggjande kommunar til Hardangervidda skal haldast under streng kontroll grunna CWD-sjukdomen i villreinbestanden der. 

Hjortebestanden på Voss kan påverka hjortebestanden i mange av desse kommunane, ifylgje Hamre.

– Hjorten kjenner som kjent ikkje kommunegrenser så godt, så eg synest me skal vera i tråd med nabokommunane våre, sa han frå talarstolen.

Kjem truleg opp i november

Hamre fekk støtte frå partifelle og ordførar Tonje Ljones Såkvitne, som føreslo at rådmannen så snart som råd lagar eit forslag til forskrift for bruk av termisk siktemiddel og legg dette ut på høyring. 

Målet er at saka kjem opp for heradsstyret i november, noko ordføraren hadde kvalitetssikra at var mogleg med administrasjonen på førehand. 

Såkvitne la til at saka truleg måtte ettersendast for å nå dette målet. 

Hamre uttrykte at han var nøgd med svaret og framlegget frå ordføraren, som vart samrøystes vedteke.

– Så rask kommunehandtering er noko å vera stolte av!

Sjølve debatten om ein skal tillata termisk siktemiddel eller ei, tek politikarane når saka kjem opp i om to månadar.

Effektivt, men brutalt

Viltforvaltar i Voss herad, Ingmar Slettemark, har tidlegare fortald meir om kva teknologien inneber.

Siktemiddelet er veldig effektivt, og vil truleg bidra til å auka avskytinga der det er naudsynt.

Samstundes har Slettemark vore klar på at det ikkje er noko leiketøy, og at han sjølv berre brukar det heilt unnataksvis i jobbsamanheng.

– Dyra vert heilt avkledde, dei har ikkje moglegheit til å gøyma seg, dei har ikkje ein sjanse. Det er ikkje jakt, men slakt.

Les også

Tek stilling til omstridd verktøy. – Ikkje jakt men slakt

Les også

Då den lunefulle fjellheimen tok liv: – Det var den største ulukkesdagen i laget si historie