13. september 2027 går vi til urnene for å peike ut kven som skal styre Kinn og Bremanger den neste fire åra. Arbeidet med å setje saman lister til dei ulike partia er godt i gang, og Firdaposten sende nyleg ut ei spørjeundersøking til lokalpolitikarane våre med spørsmål om dei tek ein ny periode eller ikkje – om valkomiteen og veljarane vil.
Det er 39 faste representantar i kommunestyret i Kinn, og 23 i Bremanger, totalt 62. Samtlege fekk ein epost med link til eit spørjeskjema, og vi fekk inn 32 svar innan fristen.
Av dei 32 som har svart er det berre ti politikarar som seier at dei er klare for fire nye år.
Tolv av dei svarar nei. Resten har ikkje bestemt seg enno, og fleire av dei viser til at dei ventar på kva nominasjonsnemndene i partia sine seier før dei vil ta ei avgjerd.
Tala er fordelt ganske likt mellom kommunane. I Kinn er det heilt likt mellom ja, nei og usikre, med sju svar i kvar kategori. I Bremanger er det tre som tek attval, fem som seier nei, og tre som ikkje har bestemt seg.
Veteranar takkar for seg
I Bremanger fortel ordførar Anne Kristin Førde (Ap) at ho er motivert for å halde fram, og står til disposisjon om nominasjonsnemnda vil ha ho som toppkandidat.
Men varaordførar Svein Olav Senneset (V) blir ikkje med vidare.
– Eg har snart sete i to periodar og brukt mykje tid på lokalpolitikken. No ønskjer eg å bruke fritida mi på andre ting, svarar han i vår undersøking.
Det er fleire veteranar som takkar av i Bremanger. Nils-Jørgen Sagebø (Ap) Harry Gulestøl (H) og Elisabeth Hatlenes (H) har begge lang fartstid og vil no prioritere andre ting. Heller ikkje Geir Magne Røys (V) eller Ole Marius Lien (Vy-partiet) blir med vidare.
NB: Harry Gulestøl sitt svar kom inn etter at grafikken blei laga, så han er ikkje ein del av den, men han seier altså nei til attval.
Mykje erfaring blir borte i Kinn
I Kinn er det klart at ordførar Bengt Solheim-Olsen blir Høgre sin listetopp også i 2027. Tidlegare ordførar Ola Teigen (Ap) har derimot meldt at han vil prioritere andre gjeremål og seier nei til attval. Kven som då skal vere Arbeidarpartiet sin ordførarkandidat er eit spørsmål det blir knytt stor spenning til dei nærmaste månadene.
Det er også klart at Gustav Johan Nydal (Krf) ikkje tek attval.
Jon Valur Olafsson (SV) vil bruke meir tid på familien og seier nei. Det same gjer hans partikollega i kommunestyret, Siri Odjik Solbakken.
Heller ikkje Ronny Cassells (Ap), Bente Olseth (H) eller Evard Iversen (V) blir å sjå på kommunestyremøta i Kinn etter valet i 2027.
Ikkje unormalt
Kor mange av kommunestyrerepresentantane som blir skifta ut i september 2027 er sjølvsagt for tidleg å slå fast. Det vi kan seie er at det er normalt med store utskiftingar i kommunestyret frå val til val.
Nasjonalt var litt over halvparten av kommunestyrepresentantane som blei valde inn ved kommunestyrevalet i 2023 nye namn, samanlikna med perioden før. Det same bildet får vi om vi ser berre på Vestland, eller for den saks skuld Kinn kommune.

Les også
Senneset seier nei til meir lokalpolitikk. Men han har eit ønskje for framtida
Det same går igjen i listene dei ulike partia går til val med. I 2019 var det 220 personar som stod på liste for eit av partia i Kinn. Fire år seinare var det 100 av dei som blei vidareført. 120 fall ut, medan det kom inn 107 nye namn.

Les også
Har allereie takka for tilliten: – Vi skal bygge det soleklart sterkaste laget!
Her kan du sjå kven som har svart på undersøkinga vår, og kva dei har svart. Som nemnt over: Harry Gulestøl (H) sitt svar kom etter at grafikken vart laga, og er ikkje med her. Han tek ikkje attval.