Klokka 16.47 melde Vegtrafikksentralen Vest om ei trafikkulykke på Rv15 Nordfjordvegen ved Stårheim i Stad kommune.
Vegen er stengd som følgje av ulykka.
Naudetatane er framme på staden, og det blir arbeidd med å få ein bilbergar på plass.
Kort tid etter melder operasjonsleiar Frode Kolltveit ved operasjonssentralen at det er ein front-mot-front kollisjon med totalt fem personar involverte.
Fire av dei sat i same bil. Det er også opplyst at barn er involverte i ulykka.
Skadeomfanget er førebels ukjent, men alle dei involverte skal vere ute av bilane og er vakne og bevisste.
– Luftambulansen er på staden saman med ambulanse og dei øvrige naudetatane, opplyser Kolltveit.
Vegen er heilt stengd på staden. Bilbergar er framme. Begge bilane på bergast.
Eine sjåføren, kvinne i 60-åra, blir sendt til Førde sentralsjukehus med luftambulanse. Skadeomfanget på henne er ukjent, men ho var ved bevissheit.
Det var fire personar i den andre bilen, og alle blir sende til Førde med ambulanse. Sjåføren var ei kvinne i 30-åra. Med seg i bilen hadde ho ei kvinne i 50-åra og to barn på sju og åtte år.
Det er ikkje mistanke om at nokon av sjåførane var rusa.
Vegen er no opna for normal ferdsel.
Ulykka skal ha skjedd i dette området:
Firda kjem tilbake med meir.