Politiet melder klokka 17.32 søndag at det er sett i verk redningsaksjon i Aurland.
Klokka var 15.42 då politiet fekk melding om eit turfølgje på tre personar der ein av dei har skadd foten.
– Saman med AMK og Hovedredningssentralen er det avgjort å setja i gang redning. Frivillige blei kalla ut, men har avbrote, opplyser operasjonsleiar Frode Kolltveit i Vest politidistrikt.
Det er bratt terreng i området.
Turfølgjet oppheld seg på strekninga mellom Geiterygghytta og Steinbergsdalhytta.
Redningshelikopter er i området, og har heist ned redningsmann til pasienten.
SISTE: Redningshelikopteret har henta opp pasienten, ein mann i 40-åra.
Han blir frakta til sentralsjukehuset i Førde, med det som er opplyst å vera brot i ein fot, opplyser politiet klokka 17.42.
Dei øvrige i turfølgjet er i fin form, og vil halda fram turen til overnattingsstaden.