Klokka 15.42 fekk politiet melding om at ein person har skadd seg på fjelltur. Mest truleg eit beinbrot, melder politiet.
Vedkommande var ein del av eit turfølge på tre og dei er på strekninga mellom Geiterygghytta og Steinbergdalshytta.
Politiet bestemte saman med AMK og HRS å sette i gang redning.
– Redningshelikopter er i området og har heist seg ned til pasienten, opplyser Frode Kolltveit, operasjonsleiar i Vest Politidistrikt.
Pasienten, ein mann i 40-åra, blir flogen til Førde sentralsjukehus.