Ola Drage vaks opp i fiskarbygda Leikanger på Stadtlandet. Sine første entreprenøroppdrag hadde han då han bygde radiomasta på fjellet Kjerringa, også kalla Vestkapp, og kyrkja i Ervik på Stadtlandet.
I 1969 flytta han til Førde, der han bygde opp entreprenørfirmaet O. Drage AS, som gjennom fem tiår har bygd hundrevis av bustader i Førde.
Han var i alle år ein ivrig samfunnsdebattant, og hadde klare meiningar om korleis Førde sentrum burde utviklast.
Ola Drage vart tidleg ramma av Parkinsons sjukdom, og fortalde ved fleire høve offentleg om korleis han takla livet med sjukdommen.
Dei siste åra han han budd på Førde Omsorgssenter.
Måndag føremiddag melde O. Drage AS på si heimeside på Facebook at Ola Drage om morgonen 14. september sovna stille inn, med alle sine næraste rundt seg.
Med Ola Drage er eit stykke Førde-historie gått bort.