I sommar fekk fruktbygda Gvarv ein ny forretning. Bak den står Anne Sofie Sandbakken og Aslak Gunheim. Aslak er for mange er ein kjent auksjonarius i regionen.
Fullt i huset
Anne Sofie på si side har gjennom mange år vore innom mange loppemarknader, bruktbutikkar og
– Eg har også fått gjenstandar frå vener og teke over dødsbu. Derfor starta eg med å dra på baklukesal og messer for å selje. Det var gjennom baklukesalet på Gvarv at eg blei kjent med Edel og Aslak Gunheim. Da eg kom på ideen om å starte ein sommarbutikk her på Gvarv, var det naturleg å spørje Edel og Aslak, fortel ho i ein prat med TA.
Tente på ideen
VARIERT: Aslak Gunheim og Anne Sofie Sandbakken har eit variert utval av varer.
Foto: HALVOR ULVENES
Ekteparet Gunheim tente på ideen og dermed var planlegginga i gang av ny forretning med både antikvitetar, pyntegjenstandar, brukte klede, små møblar og litt andre varer.
– Eg tenkte at Gvarvgata 47, ved sida av det gamle bankbygget, ville vere ei perfekt lokalisering. Huseigaren, Hans Magnar Furuvik, er kamerat med mannen min. Han synest ideen var flott for å skape litt meir liv i Gvarvgata, seier Anne Sofie Sandbakken vidare.
Ho er opphavleg frå Ulefoss, men har dei siste 26 åra budd på Gvarv.
Mange turistar
Butikken opna før ferien og drivarane melder om godt besøk.
– Det har vore bra med turistar innom, både norske og utanlandske. Me vil òg takke innbyggjarane her som har kome med mange gode tilbakemeldingar. Me sel honning. Ein kunde kom innom berre for å kjøpe det. Vedkomande gjekk ut igjen med varer for 4000 kroner, fortel Aslak Gunheim.
Usikre
– Kva med drift om vinteren vinteren?
– Her er me litt usikre. Turistar er ei viktig kundegruppe, så tida vil vise, er svaret frå dei to forretningsdrivande i Gvarv sentrum.