Debattinnlegg

Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

PISA-resultata er komne, og reaksjonane lèt ikkje vente på seg. Det blir ropt om krise i norsk skule, og forslaga til korleis skulen skal «fiksast», kjem allereie.

Vi skal ta resultata på alvor. Men før vi trekkjer dei store konklusjonane, bør vi puste litt med magen.

For kor mykje fortel eigentleg PISA oss om korleis det står til i norsk skule?

SKULE: Læraryrket må gjerast meir attraktivt, skriv Hanne Marte Vatnaland.

For det første er ikkje PISA-testen den same som for ti eller femten år sidan. Han har gått frå papir til skjerm, oppgåvetypar og testmetodikk er endra, og årets test er adaptiv. Det er ikkje så reint lite vi no veit om resultata ein får på papir versus skjerm.

For det andre er det grunn til å vere ekstra varsam med årets norske tal. Noreg har ein eksklusjonsrate på 10,4 prosent, opp frå 7,3 prosent i 2022. Det er over PISA si eiga grense, og OECD peikar på at dette kan påverke resultata. Utdanningsdirektoratet peikar òg på endå større uvisse rundt årets norske resultat.

For det tredje må vi hugse at oppdraget til skulen er langt større enn det PISA måler. Fellesskulen skal gi grunnleggande ferdigheiter, ja – men og danning, fellesskap, sosial utjamning, og bidra til at barn og unge utviklar seg til trygge og sjølvstendige menneske.

Om vi gjer PISA til fasit, risikerer vi å styre skulen mot meir måling, meir rapportering, og meir press – utan at det gir betre læring.

Det beste som kan kome ut av det auka engasjementet for skulepolitikk, er i staden ei tverrpolitisk vilje til å styrke skulen – og at læraryrket må gjerast meir attraktivt.

Vi veit at elevgruppa har blitt meir samansett. Fleire elevar har komplekse utfordringar. Det vert ei utfordring for oss alle framover, men mykje av ansvaret for å handtere dette hamnar hos læraren i klasserommet i dag.

Lærarane treng tillit, metodefridom og fagleg autonomi. Men ikkje minst treng dei tid og ressursar. Vi må snu utviklinga der lærarar forsvinn ut av skulen fordi dei rett og slett kjenner at dei druknar i arbeid, ansvar og bestillingar som kjem frå oven.

At både rapporten frå Fellesskuleutvalet og PISA-resultata kjem før neste års lokalval, kan vere positivt. Det gir oss ei høve til ein brei skuledebatt med stort engasjement. Men la oss bruke den til å diskutere korleis vi byggjer ein sterkare fellesskule – ikkje kven som raskast kan finne ein quick fix.

No må vi puste med magen og lytte til dei som kjenner skulekvardagen på kroppen, framfor å la dei som ropar høgast styre retninga.