Politiet rykte ut til kommunestyremøtet på Helsehuset i Knarvik torsdag morgon klokka 9. Etter at det vart meldt om 5–6 demonstrantar mot barnevernet som forstyrra møtet.
– Det er ingen trusselsituasjon. Vi er på staden og i dialog med partane. Det framstår som roleg, seier operasjonsleiar i politiet, Jan Børge Misje.

Varaordførar Nina Bognøy (AP) og Astrid Aarhus Byrknes (KRF) snakkar med demonstrantane utanfor møtelokalet.
Foto: Synne Grimen Hammervoll
Det vart mellom anna filma inne i møtesalen.
Demonstrantane har no bevegd seg ned utanfor Helsehuset.
– Dei har no avslutta demonstrasjonen og forlatt staden, seier Misje klokka 10:00.
Ugreitt
Varaordførar Nina Bognøy (Ap), set ikkje pris på framgangsmåten til demonstrantane.
– Det er ugreitt. Det er tredje eller fjerde gongen dei forstyrrar starten av eit kommunestyre- eller formannskapsmøte. Det er ein fare for demokratiet at ein forstyrrar politiske møte, seier ho.