Klokka 13.44 melder operasjonssentralen i Vest politidistrikt om eit trafikkuhell i Stavenestunnelen i Stryn. Det vert seinare klart at uhellet skal ha skjedd på utsida av tunnelen.
Ein bil skal ha treft fjellveggen og ha punktert. To personar er involvert, melder politiet.
Det er ikkje opplyst å vere personskadar. Eitt felt blei sperra.
Bilføraren er tatt med til legekontoret for sjekk. Bilbergar har henta køyretøyet i 15-tida.